Ryfylkefest på Fiskepiren
Måndag 30.mars 2026

Registrer deg som utstillar
Som utstillar kan du møte framtidas arbeidskraft! Her kan du visa organinsasjonen din fram for ungdom som er på jakt etter prosjekt, bedrifter og stillingar i Ryfylke.
Påmelding for deltakarar
RyRekrutt er for deg som studerer vekke frå Ryfylke, bur i regionen, ønskjer å utvide nettverket ditt, leitar etter jobb eller berre vil ha ein sosial kveld.
Ryfylkes største treffpunkt - 18+
Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand, Forsand!
Ungdomsstyret i Ryfylke gjentar suksessen og inviterer til Ryrekrutt 30.mars 2026 – det største treffpunktet for Ryfylke.
Det blir konsert med Ari Bajgora på Fiskepiren, god mat frå Ryfylke frå Drøs og Smaken av Ryfylke, og ein mulegheit til å treffa kule bedrifter!
Dei 100 fyrste som melder seg på får gratis overnatting på Scandic Stavanger City.
Ryrekrutt handlar om å skape møteplassar der de kan bli kjent, få inspirasjon og sjå nye mulegheiter. Her får du eit innblikk i det spennande og kreative næringslivet i Ryfylke, og kanskje oppdaga at framtida di er her!
Program
17:00 Velkommen til nettverks- og rekrutteringsfest
19:00 Quiz
19:30 Servering av mat frå Ryfylke
20:00 Konsert med Ari Bajgora

Informasjon for deltakarar
Praktisk informasjon
Aldersgrense: 18 år
Pris: 200,- inkl. mva.
Påmeldingsfrist: 16.mars kl.12:00
Gratis overnatting
Dei 100 fyrste som melder seg på får gratis overnatting på Scandic Stavanger City – i dobbeltrom. For å kvalifisere for gratis overnatting må du legge inn navnet på personen du vil dele rom med i bestillinga. For at de skal få hotellrom, må begge parter ha kjøpt billett og registrert at de vil dela rom med kvarandre.
Informasjon for utstillarar
Alle verksemder i Ryfylke er velkomne.
Pris for standplass
- 0-10 tilsette
- 11-49 tilsette
- 50+ tilsetteTillegg: + 5000 per ekstra bedrift på same stand
Kva ligg i billetten?
Dei ti fyrste bedriftene som registrer seg for ekstra synlegheit i våre kanaler! Konsert og mat frå Ryfylke til inntil fire personar per stand er inkludert i billetten.
Meir informasjon kjem snart.
Kontaktinformasjon
Andrea Hebnes Tobekk
andrea@ryfylkeiks.no
94896877
Samarbeidspartnarar







