Ein attraktiv region der folk vil bu og arbeide

Ungdommane inviterer. Blir bedrifta di med?

Nytt trainee-program
Gratis ungdomskort i Ryfylke
Frå 1. september 2024 kan ungdom mellom 15 og 22 år som bur i Ryfylke-kommunane Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand og Forsanddelen av Sandnes reise gratis med kollektivtransport.
Du kjøper sjølv U23-billetten og søkjer om tilbakebetaling i etterkant gjennom eit elektronisk skjema.

Nyheiter frå Ryfylke IKS

Ungdommane inviterer til fest. Er bedrifta di med?
Mindre yrkesmesse, meir sosialt. Det er bestillinga frå Ungdomsstyret i Ryfylke når RyRekrutt igjen går av stabelen på Fiskepiren i Stavanger 22. mars 2027. No inviterer ungdommane næringslivet til å bli med på ein kveld der gode møte kan bli starten på noko større.

Suldal satsar på trainee: – Me må finna nye måtar å rekruttera på
Suldal kommune vil nå unge og nyutdanna som kanskje ikkje har vurdert ein jobb i kommunen før. No lyser dei for første gong ut ei traineestilling, med mål om at eitt år i Suldal kan bli starten på noko meir.

Vil me ha folk til Ryfylke, må me visa fram jobbane som finst her
Mange ledige stillingar i Ryfylke blir berre publiserte på Finn. Då blir dei ikkje automatisk synlege på Heim te Ryfylke. No oppmodar me arbeidsgivarane om å ta eit enkelt grep: Publiser stillinga på NAV Arbeidsplassen også.
Samarbeid for vekst i Ryfylke
Prioriterte satsingar
Ryfylke IKS skal vere bindeleddet mellom eigarkommunane, og sørge for effektivt samarbeid om næringsutvikling, rekruttering og mobilitet for å styrke heile Ryfylkeregionen. I Strategi 2026–2031 har me tre prioriterte satsingar.
Næringsarbeid
Ryfylke IKS skal styrke grunnlaget for vekst og utvikling ved å sikre betre tilgang på næringsareal, straum og infrastruktur.
Mobilitet
Ryfylke IKS skal vere ein pådrivar for framtidsretta løysingar som gjer det enklare, tryggare og meir effektivt å reise både internt i regionen og ut mot større marknader.
Rekruttering
Ryfylke IKS skal jobbe for betre tilgang på kompetanse og arbeidskraft i sentrale bransjar og skape attraktive rammer som gjer at fleire unge og familiar vel å bu i Ryfylke.
