Om Ryfylke IKS
Ryfylke IKS arbeider for å styrke næringsliv, rekruttering og mobilitet i Ryfylke.
Me er eit interkommunalt selskap eigd av Suldal, Hjelmeland, Strand, Sauda og Sandnes (tidlegare Forsand). Vårt mål er å utvikle ein region der folk har lyst å bu, jobbe, starte bedrifter og skape framtida si.
Føremål
Ryfylke IKS skal vere bindeleddet mellom kommunane i Ryfylke.
Me samlar, koordinerer og driv fram samarbeid om tiltak som skapar vekst, arbeidsplassar og attraktive lokalsamfunn. Me skal ikkje gjere alt sjølve, men sørge for at dei rette aktørane kjem saman – og at det blir framdrift.
Vår visjon
Ryfylke skal vere ein region der folk vil flytte til, bedrifter vil etablere seg, og optimisme pregar kvardagen.
Overordna mål for perioden 2026-2031
- Styrke næringsarbeidet for å legge til rette for framtidsretta bransjar og attraktive lokalsamfunn
- Styrke rekruttering og kompetansebygging i regionen
- Forbetre mobilitetsløysingar for folk og varer
- Stimulera til berekraftig utvikling gjennom samarbeid og innovasjon
- Styrke kommunikasjon og posisjonering for å synleggjere Ryfylke IKS si rolle og verdi for regionen
Ryfylkerådet
Ryfylkerådet interkommunale politiske råd består av ordførarane og rådmennene i eigarkommunane og er Ryfylke IKS sine operative eigarar.
Administrasjonen
Administrasjonen i Ryfylke IKS har ansvar for å førebu saker til behandling til Ryfylkerådet. Sakspapira blir sende ut ca 7 dagar før dei respektive møta. Protokollar og referat ligg under Ryfylkerådet.
Tilsette
Om Kommunane i Ryfylke
Styret
Oppgåver
Styret har ansvaret for å sikre at selskapet driv forsvarleg og fører tilsyn med dagleg leiar.
Styreleiar: Eirik Daniel Fatnes – eirik.daniel.fatnes@saudefaldene.no
Styremedlem: Kristoffer Amdal – kristoffer.amdal@ryfylkeiks.no
Styremedlem: Janne Johnsen – janne.johnsen@hjelmeland.kommune.no
Styremedlem: Aslak Moe – aslak_moe@hotmail.com
Styremedlem: Nina Othilie Høiland – nina.othilie.hoiland@sandnes.kommune.no
Varamedlem: Gaute Hauge – gaute.hauge@hjelmeland.kommune.no
Varamedlem: Laila Steine – laila@nhryfylke.no
Styret i Ryfylke IKS består av fem faste medlemmar og to varamedlemmar. Styret vert valt av Representantskapet for 2 år om gongen.
Kontakt oss
Administrasjonen har kontorlokaler i Sande Næringsbygg på Hjelmeland.
Besøksadresse
Ryfylke IKS
Ryfylkevegen 7040
4130 Hjelmeland
Orgnr. Ryfylke IKS:
983780822





