Samarbeid

Offentleg-privat samarbeid

Offentleg privat samarbeid (OPS) er eit samarbeid mellom offentlege og private aktørar. I dag har Ryfylke IKS fleire operative OPS-prosjekt.

NO-UK

Etablert 03.mars 2017 med startfinansiering frå Rogaland fylkeskommune, Ryfylkekommunane og Hordaland fylkeskommune (i dag Vestland fylkeskommune). NO-UK er ein optisk infrastruktur mellom Vestlandet (Stavanger) og UK (Newcastle). Investeringa er løfta av eit konsortium som består av BKK (Eveny), Haugaland Kraft, Jakob Hatteland Group, Polysys, Lyse (Altibox Carrier) og Green Mountain.

altiboxcarrier.no

New Kaupang AS

Etablert 27.juni 2019 med støtte frå Rogaland Fylkeskommune og Ryfylke-kommunane. Selskapet er finansiert gjennom bidrag frå eigarar og medlemskontingent frå andre kommunar i Rogaland, i tillegg til bidrag frå  næringslivsaktørar.

newkaupang.no

Windworks Jelsa AS

Etablert 18. desember 2020 med startfinansiering frå Suldal kommune, Ryfylke-kommunane og initiativtakar NorSea Group (NorSea Impact). Formålet med selskapet er å etablere ein storskala base for produksjon av fundament til flytande offshore vind. Implenia Norge gjekk inn som eigar i august 2023.

windworks-jelsa.no