Utdanningstilbod våren 2024
Organisering og leiing i havbruksnæringa
Praktisk informasjon
Studiepoeng: 15
Startdato: Våren 2024
Studieomfang: Deltid
Varigheit: Eitt semester
Undervisningsstad: Hjelmeland
Studieavgift: Ingen kursavgift
Utdanninga passar for
Utdanninga passar for tilsette i havbruksnæringa, studentar som vil bygge vidare på emner med sikte på ein bachelorgrad og andre som vil ha meir kunnskap om havbruksnæringa.
Organisering
Undervisninga er samlingsbasert på Smaken av Ryfylke på Hjelmeland (*).
Torsdag 25.januar – fredag 26.januar
Onsdag 21.februar – fredag 23.februar
Onsdag 20.mars – fredag 22.mars (*samlingsstad er Jelsa Hotell)
Torsdag 25.april – fredag 26.april
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realfagkompetanse.
Faginnhald
Sjå emneplan for FØS8112 Organisering og ledelse i havbruksnæringen
Kven står bak utdanningstilbodet?
Denne vidareutdanninga er eit samarbeidsprosjekt mellom Høgskulen på Vestlandet, Ryfylke IKS og aktørar frå næringa: Grieg Seafood ASA, Bremnes Seashore AS, Sterling White Halibut AS, Mowi, Tytlandsvik Aqua, Fister Smolt og Årdal Aqua.
Kontaktinformasjon
Einar Schibevaag
einar@ryfylkeiks.no
913 08 972