Etter fleire år med arbeid for å leggje til rette for kraftkrevjande industri i Rogaland, blir New Kaupang no lagt ned. Når selskapet avsluttar arbeidet, er situasjonen ein heilt annan enn då dei starta. Areal er modne for marknaden, prosjekt er i gang og det har vakse fram eit nytt næringsmiljø rundt den kraftkrevjande industrien.

– Det eg er mest stolt av, er alt me har bygd opp. Me har fått vere med og bidra til at Rogaland er blitt ein attraktiv plass for kraftkrevjande industri, seier Ketil Barkved, CEO i New Kaupang.
New Kaupang blei etablert i 2019 av Rogaland fylkeskommune og Ryfylke IKS, med eit opphavleg mål om å arbeide med utvikling av areal og kraftkrevjande industri i tre år. Oppdraget var altså tenkt som eit tidsavgrensa prosjekt.
Arbeidet skulle likevel vise seg å ha lengre tidshorisont. Sidan 2025 har Ryfylke IKS eigd selskapet åleine.
I åra som har gått, har interessa for Rogaland som lokasjon for kraftkrevjande industri auka kraftig. Samtidig har kommunane og andre aktørar fått meir kunnskap, fleire areal er blitt utvikla og nettverket rundt industrien har vakse.
Frå interesse til etablering
For Barkved er noko av det mest spennande med arbeidet å sjå at prosessar som ein gong berre var førespurnader og interesse, no har blitt til konkrete prosjekt.
– Det er når prosessen går frå interesse til at noko skjer, at det blir etablering, seier han.
Gjennom New Kaupang og arbeidet som starta før selskapet blei etablert, har det blitt arbeidd med 14 areal på til saman over 5 000 mål. I dag er 13 av areala regulerte.
Eit konkret døme finn me på Undheim i Time kommune. Her er Green Mountain i gang med bygginga av eit stort datasentert, som etter planen skal setjast i drift i 2028. I byggefasen er fleire hundre personar i arbeid i området, og prosjektet gir allereie oppdrag til ei rekkje lokale og regionale verksemder.
New Kaupang har vore involvert i utviklinga av arealet heilt frå ein tidleg fase. Saman med den private grunneigaren arbeidde selskapet med å utvikle og modne tomta slik at den kunne presenterast for aktuelle etablerarar.
For Barkved illustrerer Undheim kva langsiktig arbeid med areal kan føre til. Det som starta med utvikling av ei tomt, er i dag blitt eit stort konkret industriprosjekt.
Fleire prosjekt er no i gang, og investeringane knytt til areala New Kaupang har arbeidd med, inkludert infrastruktur og førebuingar, er i storleiksorden 30–40 milliardar kroner. Det er også venta ytterlegare utvikling i prosjekta som ligg i pipeline.
– Det er no fleire prosjekt som allereie har starta, med store investeringar og 100+ arbeidsplassar.
Eit nytt næringsmiljø har vakse fram
Arbeidet har heller ikkje berre handla om areal. New Kaupang har gjennom åra arbeidd med å bygge kunnskap, kompetanse og nettverk rundt kraftkrevjande industri. Det er gjennomført 28 medlemsmøte med ein gjennomsnittleg deltaking på rundt 50 personar, og det er bygd opp eit nasjonalt og internasjonalt nettverk som kommunane kan dra nytte av.
No ser Barkved at arbeidet også har bidrege til å utvikle eit større miljø rundt industrien.
– Det finst no areal som er regulerte og etablerte. Det har også resultert i service- og teknologinettverk som utfører jobbar, og det blir etablert selskap som jobbar med kraftkrevjande industri.
Utviklinga på Undheim viser korleis store etableringar kan gi ringverknader langt utover sjølve industriprosjektet. Allereie i denne fasen er ei rekkje verksemder frå Rogaland involverte med varer og tenester til utbygginga.
Utviklinga har dermed skapt eit grunnlag som er større enn sjølve New Kaupang.
– Det er no så pass mykje prosjekt at det er mogleg å jobbe innanfor dette, seier Barkved.
Ei utvikling som må takast vidare
At New Kaupang no blir lagt ned, betyr derfor ikkje at arbeidet stoppar.
For Ryfylke IKS handlar det no om å ta vare på det som er bygd opp og bruke dette vidare i arbeidet med næringsutvikling.

– Arbeidet som er gjort gjennom New Kaupang har vore viktig for å posisjonere Ryfylke og Rogaland for framtidig industri- og næringsetablering. Det er bygd opp kunnskap, nettverk og konkrete moglegheiter som har stor verdi for regionen. Dette passar godt inn i strategien til Ryfylke IKS, der næringsutvikling og tilrettelegging for nye arbeidsplassar er eit sentralt satsingsområde, seier Ingrid Roth, dagleg leiar i Ryfylke IKS.
Barkved peikar samtidig på at mykje av det som var oppgåva til New Kaupang, no kan takast vidare av andre aktørar. Det blir etablert eigne selskap som skal handtere konkrete prosessar vidare.
– Ressursane er tatt fram. No er det langt fram til neste gong det kan bli eit stort race med infrastruktur. Me må utnytte det arbeidet vi har lagt til rette for og tenkje langsiktig, seier Barkved.
Det langsiktige perspektivet blir viktig. Skal Rogaland kunne utvikle nye arbeidsplassar innan kraftkrevjande industri, må regionen også ha tilgang på energi og infrastruktur.
Samtidig skal kompetansen og nettverket frå New Kaupang leve vidare i Ryfylke IKS.
– Framover vil Ryfylke IKS ta vare på kompetansen og nettverket som er bygd opp, og bruke dette aktivt i arbeidet med næringsutvikling i regionen. Vi skal bidra til å kople kommunar, næringsliv og aktuelle etableringar og følgje opp moglegheitene som er skapte gjennom arbeidet i New Kaupang. Vi er glade for at Ketil framleis skal ha ei viktig rolle i dette arbeidet, og at han tek med seg både kompetansen, erfaringa og nettverket vidare, seier Roth.
Frå eit tidsavgrensa prosjekt til eit varig grunnlag
Då arbeidet med kraftkrevjande industri starta, var Rogaland relativt dårleg stilt når det gjaldt eigna areal for denne typen industri. I dag er situasjonen ein annan.
Rogaland har fått ein langt sterkare posisjon i marknaden, samtidig som kommunane har fått meir erfaring med å handtere førespurnader, utvikle areal og møte potensielle etablerarar.
New Kaupang blei etablert for å fylle eit behov. No blir selskapet avslutta etter fleire år med arbeid, men mykje av det dei var med på å bygge opp, står igjen.
Areala er regulerte, prosjekt i gang, og kompetansen og nettverket som er bygd opp skal takast vidare. Ketil Barkved blir også med vidare i arbeidet gjennom Ryfylke IKS.
New Kaupang avsluttar dermed eit kapittel, men Rogaland står igjen med eit langt sterkare utgangspunkt for det som kjem vidare.



