Utdanningstilbod hausten 2024
Fiskens anatomi, fysiologi og velferd
Praktisk informasjon
Studiepoeng: 15
Startdato: Hausten 2024
Studieomfang: Deltid
Varigheit: Eitt semester
Undervisningsstad: Hjelmeland
Studieavgift: Ingen kursavgift
Utdanninga passar for
Utdanninga passar for tilsette i havbruksnæringa, studentar som vil bygge vidare på emner med sikte på ein bachelorgrad og andre som vil ha meir kunnskap om havbruksnæringa.
Organisering
Undervisninga er samlingsbasert på Smaken av Ryfylke på Hjelmeland.
Samlingsdatoar:
Torsdag 15. – fredag 16. august
Torsdag 12. – fredag 13. september
Torsdag 17. – fredag 18. oktober
Torsdag 14. – fredag 15. november
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realfagkompetanse.
Faginnhald
Dette kurset er delt i to delar, der du i første del får innsikt i fysiologien og tilpassingsevna til fisken til miljøet. Du vil læra om generell anatomi og grunnleggjande tema som respirasjon og gassutveksling, rørsle og oppdrift, osmoregulering, fordøying, sirkulasjon, reproduksjon, nervesystem og sanseorgan.
I del to vil fokus vera på fiskesjukdom, immunrespons og fiskevelferd. Sentrale tema er velferdsindikatorar for oppdrettsfisk, førebuing og behandling av stress, og sjukdom og skader hos akvatiske organisme, med fokus på atlantisk laks.
Sjå emneplan for FØS8127 Fiskens anatomi, fysiologi og velferd på hvl.no.
Kven står bak utdannignstilbodet?
Denne vidareutdanninga er eit samarbeidsprosjekt mellom Høgskulen på Vestlandet, Ryfylke IKS og aktørar frå næringa: Grieg Seafood ASA, Bremnes Seashore AS, Sterling White Halibut AS, Mowi, Tytlandsvik Aqua, Fister Smolt og Årdal Aqua.
Kontaktinformasjon
Einar Schibevaag
einar@ryfylkeiks.no
913 08 972