Kanskje har de vurdert å tilsetja ein nyutdanna, men ikkje heilt visst korleis de skal gå fram? Eller kanskje har de eit kompetansebehov som kan vera vanskeleg å dekkja gjennom tradisjonell rekruttering?
Då kan Trainee Ryfylke vera verdt å sjå nærare på.
De står for jobben. Me tek oss av programmet.
Prinsippet bak Trainee Ryfylke er enkelt:
Verksemda tilset ein nyutdanna i ei eittårig traineestilling, gir relevante arbeidsoppgåver og sørgjer for ein mentor på arbeidsplassen.
Ryfylke IKS organiserer eit felles regionalt utviklingsprogram som traineen deltek i ved sida av jobben.
Gjennom programmet får traineen fagleg påfyll, høve til å utvikla seg i arbeidsrolla og bli kjent med andre unge arbeidstakarar og verksemder i regionen.
Kva får de igjen?
Ein nyutdanna kan bidra med oppdatert fagkunnskap, nye perspektiv og kapasitet til oppgåver de ønskjer å ta tak i. De definerer kompetansebehovet og arbeidsoppgåvene, slik at traineestillinga tek utgangspunkt i det verksemda faktisk treng.
Samtidig får de eit felles utviklingsprogram rundt den nytilsette. Ryfylke IKS organiserer programmet, medan de følgjer opp traineen i arbeidskvardagen. Slik kan de tilby fagleg og personleg utvikling utover det de legg til rette for internt.
Gjennom programmet blir traineen òg kjend med andre unge arbeidstakarar og verksemder i regionen. Det kan bidra til trivsel og sterkare tilknyting til Ryfylke, og gi eit betre grunnlag for å bli verande over tid.
Kva kunne ein nyutdanna bidrege med hos dykk?
Ta kontakt med prosjektleiar Inger Johanne Vasshus for ein uforpliktande prat om kompetansebehovet dykkar og kva det inneber å vera med i Trainee Ryfylke. De treng ikkje ha ei ferdig stillingsbeskriving for å ta den første praten.
Framleis mogleg å bli med
Trainee Ryfylke er no i sluttfasen med å få på plass avtalane med arbeidsgivarane. Oppstart blir avtalt med verksemdene som deltek. Og sjølv om planlegginga nærmar seg slutten, er døra framleis open.
Kanskje er du berre litt nysgjerrig?
Då treng du ikkje venta til alle detaljane er på plass. Ta kontakt med prosjektleiar Inger Johanne Vasshus for ein prat om kva Trainee Ryfylke kan bety for di verksemd.

Kontakt Inger Johanne Vasshus
Tlf: 918 47 320
E-post: ingerjohanne@ryfylkeiks.no



