Utdanningstilbod hausten 2024

Havbrukshistorie frå Noreg til verda

Dette emnet gir deg ein grundig gjennomgang av havbrukets historie, med særleg fokus på utviklinga i Noreg og påverknaden på globalt nivå.
Havbruksanlegg i sjøen med fjell og blå himmel i bakgrunnen.

Praktisk informasjon

Studiepoeng: 15
Startdato: Hausten 2024
Studieomfang: Deltid
Varigheit: Eitt semester
Undervisningsstad: Hjelmeland
Studieavgift: Ingen kursavgift

Søk her

Utdanninga passar for

Utdanninga passar for tilsette i havbruksnæringa, studentar som vil bygge vidare på emner med sikte på ein bachelorgrad og andre som vil ha meir kunnskap om havbruksnæringa.

Organisering

Undervisninga er samlingsbasert på Smaken av Ryfylke på Hjelmeland

Samlingsdatoar
Torsdag 3. – fredag 4. oktober
Onsdag 27. – fredag 29. november
Onsdag 15. – fredag 17. januar 2025
Torsdag 20. – fredag 21. februar 2025

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realfagkompetanse.

Faginnhald

Emnet startar med å utforske dei gamle metodane som blei brukt i tidlege sivilisasjonar som Kina og Egypt, og sporar havbrukets utvikling gjennom fleire nøkkelhistoriske periodar og regionar.

Emnet omfattar ei undersøking av antikkens praksisar, der vi ser på dei tidlegaste formene for havbruk i sivilisasjonar som Kina, Egypt og Romarriket, og held fram med ei gjennomgang av havbrukspraksisar i mellomalderens Europa, inkludert ekspansjonen i klostergardar. Vi analyserer òg den industrielle revolusjonen si påverknad på fiskeoppdrett og byrjinga på moderne teknikkar, og går deretter over til ei detaljert studie av den moderne æraen av havbruk, med eit spesielt fokus på Noreg si rolle i lakseoppdrett og den globale spreiinga.

Sjå emneplan for FØS8132 Havbrukshistorie fra Norge til verden (hvl.no) 

Kven står bak utdannignstilbodet?

Kontaktinformasjon