Janet Jørmeland er ny prosjektleiar for Heim te Ryfylke

Ryfylke IKS har tilsett Janet Jørmeland som ny prosjektleiar for satsinga Heim te Ryfylke. Ho kjem frå Hjelmeland, har bakgrunn frå internasjonal marknadsføring – og brenn for å styrkje stoltheit og tilknytinga til regionen

Janet Jørmeland. Foto.

– Då eg såg utlysinga, kjende eg berre: Denne må eg søke på! Eg har alltid hatt hjartet mitt i Ryfylke, sjølv om eg har budd og jobba andre stader. No får eg vere med og gi noko tilbake, seier Janet.

Erfaring frå internasjonal marknadsføring

Janet har arbeidd med digital marknadsføring i ei årrekkje. Dei siste seks åra har ho vore marknadssjef i Podbike, der ho har hatt ansvar for strategi, merkevarebygging og lansering av produkt internasjonalt. Før det har ho vore konsulent for ulike bedrifter og nettbutikkar.

Ho tok mastergrad i digital marknadsføring i England – som den første i Noreg.

– Den gongen var digital marknadsføring eit nytt felt, og eg vart heilt hekta. Eg likar godt korleis teknologi kan endre måten vi kommuniserer og skaper relasjonar på, fortel ho.

– Ryfylke er heime

For Janet handlar ikkje berre jobben om strategi og kommunikasjon – men om røter.

– Ryfylke er heime for meg. Det er her eg har lært verdien av fellesskap, samarbeid og skaparglede. Å få arbeide på Hjelmeland, med utsikt til fjorden og barndomsminne, betyr mykje.

Samtidig ser ho at Ryfylke har eit stort potensial som region:

– Me har naturen, arbeidsplassar, kultur og gode lokalsamfunn. Men vi må bli flinkare til å vise det fram – både for oss sjølve og for dei som står på utsida og vurderer kvar dei vil bu.

Skal byggje stoltheit og tilhøyrsle

Heim te Ryfylke handlar om å få fleire til å velje Ryfylke – å flytte heim, bli buande eller oppdage regionen for første gong.

– Prosjektet skal skape ei felles forteljing. Vi vil styrke stolta, samhaldet og kjensla av at Ryfylke er ein stad full av moglegheiter – ikkje berre vakker natur.

Ho peikar på at samarbeidet er nøkkelen:

– Den største utfordringa – og moglegheita – er å samle kommunar, næringsliv og ungdom om same retning. Når vi får det til, kan vi skape endring som varer.

Vil lytte og bli kjent med folk

No i starten reiser ho rundt og møter folk frå heile regionen.

– Eg vil lytte. Kva drøymer vi om for Ryfylke? Kva treng vi? Kva engasjerer? Først når vi forstår kvarandre, kan vi forme retninga vidare.

Ho ønskjer å bruke digitale kanalar og ekte historier for å løfte fram kvardagen i Ryfylke:

– Dei som bur her, er dei som best kan vise fram kva Ryfylke er. Eg trur på krafta i levande forteljingar.

Ser fram til å invitere fleire “heim”

Når ho treng ny energi, finn ho han ute – i båt, i fjellet eller langs fjorden.

– Heim-te-Ryfylke-kjensla kjem alltid når eg står på ferjekaien og kjenner lukta av sjøen. Då fell alt på plass.

Om eit år håpar ho at fleire kjenner den same kjensla:

– Eg håpar folk seier at me har skapt optimisme, samhald og stoltheit. At fleire ser på Ryfylke som ein stad ein kan leve, skape og høyre til. Det er målet.

Fleire nyheiter

Deltakerer på båten under Ryfylkekonferansen 2025.

Ryfylkekonferansen 2025 samla heile regionen

22. og 23. oktober møttest næringsliv, kommunar, organisasjonar og engasjerte ryfylkingar til Ryfylkekonferansen 2025.

Les meir
Foto: fjord og fjell i høstdrakt i Ryfylke

Ryfylke utdanningssenter søkjer dagleg leiar

Ryfylke utdanningssenter IKS søkjer ein engasjert og utviklingsorientert dagleg leiar som vil vere med å byggje opp og vidareutvikle senteret som ein viktig aktør for kompetanseutvikling i Ryfylke-regionen.

Les meir
Foto: Deltakarar på workshop står oppstilt og smilar. Prosjektleiar held ei kake med kakelys i handa.

Ny digital satsing skal få fleire heim til Ryfylke

Ryfylke IKS jobbar no vidare med prosjektet Heim te Ryfylke. Målet er å lage ein felles digital plattform som samlar alt du treng å vite for å flytte til, bu og jobbe i Ryfylke.

Les meir