Ein attraktiv region der folk vil bu og arbeide

Ryfylke IKS jobbar for å skape fleire arbeidsplassar, møte kompetansebehov og drive næringsutvikling i regionen, slik at Ryfylke blir ein attraktiv region der folk ønsker å bu og arbeide.
Logoen til dei fem Ryfylke-kommunane. Logo.
Ryfylke IKS. Logo

Samarbeid for vekst i Ryfylke

Ryfylke IKS skal styrka regionen gjennom større grad av interkommunalt samarbeid mellom Ryfylke-kommunane Suldal, Hjelmeland, Strand, Sauda og Sandnes (Forsand). Ryfylkerådet, som består av ordførerane og kommunedirektørane i eigarkommunane, er selskapets operative organ.

Gratis busskort for ungdom 2024-2025

Frå 1. september 2024 kan ungdom mellom 15 og 22 år som bur i Ryfylke-kommunane Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand og Forsanddelen av Sandnes reise gratis med kollektivtransport.

Du kjøper sjølv U23-billetten og søkjer om tilbakebetaling i etterkant gjennom eit elektronisk skjema.

Les meir om busskortet

Nyheiter frå Ryfylke IKS

Vil du leie satsinga Heim te Ryfylke?

Me søkjer ein engasjert prosjektleiar til satsinga Heim te Ryfylke. Dette er eit prosjekt som skal styrke rekruttering, tilflytting og attraktivitet i regionen.

Les meir
Foto: Andrea Hebnes Tobekk sitter i ny hvit bil med logoen til Heim te Ryfylke, med Ryfylke i bakgrunnen.

På sommarjobb-turné i ny Heim te Ryfylke-bil

Denne sommaren har Andrea Hebnes Tobekk reist frå Sauda til Forsand for å møta ungdommar som har sommarjobb i Ryfylke. Turneen har vore ein del av satsinga sommarjobben.no og denne gongen har ho hatt med seg noko heilt nytt – Heim te Ryfylke sin splitter nye bil.

Les meir

To konferansar blir éin – velkomen til Ryfylkekonferansen 2025

Onsdag 22. oktober og torsdag 23. oktober samlar me Ryfylke til ei felles konferanseoppleving: Ryfylkekonferansen – Arena MOR.

Les meir

Kva me jobbar med

Ryfylke IKS er ein aktiv aktør i arbeidet med å oppnå gjennomslag for felles regionale satsingar, og for å utvikla gode og framtidsretta lokalsamfunn.

Kompetanse og arbeidskraft

Ryfylke står for ein vesentleg del av verdiskapinga i Rogaland og vil trenge meir kompetanse og arbeidskraft for at regionen skal være en viktig verdiskapar også i framtida.

Ungdom

Ryfylke satsar på tiltak som som gjer Ryfylke meir attraktiv for ungdommen.

Utdanning

Her finn du oversikt over fleksible og desentraliserte utdanningstilbod i Ryfylke.

Ryfylkekonferansen – Arena MOR

Konferansen for alle som er opptatt av og nysgjerrige på utviklinga av Ryfylke. 

Offentleg-privat samarbeid

Ryfylke IKS har fleire offentleg-privat samarbeidsprosjekt.

B. Grafikk.

Berekraft

Bidrag til å nå FNs berekraftsmål

Ryfylke IKS skal bidra til eit meir berekraftig samfunn i samsvar med FNs berekraftsmål.

FNs berekraftsmål er den felles arbeidsplanen i verda for å oppnå ei meir berekraftig framtid. Strategien vår støtter opp under fleire berekraftsmål og dei prioriterte måla for verksemda vår er:

Mål 8 – Anstendig arbeid og økonomisk vekst: Framme varig, inkluderande og berekraftig økonomisk vekst, full sysselsetjing og anstendig arbeid for alle.

Mål 9 – Industri, innovasjon og infrastruktur: Bygge solid infrastruktur og fremme inkluderande og berekraftig industrialisering og innovasjon.

Strategi for Ryfylke IKS