New Kaupang og arbeidet med framtidas næringsareal

New Kaupang vart etablert i 2016, med utgangspunkt i arbeidet knytt til straumkabelen frå Kvildal til England. Då det hausten 2015 vart klart at fiber ikkje ville bli lagt saman med straumkabelen, tok Ryfylke IKS initiativ til å sjå på alternative løysingar. Dette blei starten på eit større arbeid med både infrastruktur og industriutvikling.

Ketil Barkved som smiler til kamera
Ketil Barkved - dagleg leiar i New Kaupang

Gjennom etableringa av NO-UK.COM blei arbeidet vidareført, og med tilgang på både kraft og fiber på plass retta New Kaupang fokuset mot areal. Målet var å leggja til rette for ny, kraftkrevjande industri i Rogaland.

Frå lokale initiativ til regional satsing

Tidleg i arbeidet vart det tydeleg at mange av dei aktuelle industriområda var for små til å vera attraktive i ein internasjonal marknad. I 2018 vart difor fleire kommunar i Rogaland inviterte med i ei felles satsing.

New Kaupang har sidan jobba med 14 ulike tomter i regionen, der dei fleste i dag er selde eller under vidare utvikling. Satsinga har vore retta mot fire prioriterte industriområde: datasenter, landbasert oppdrett, hydrogenproduksjon og battericelleproduksjon.

Verdi for kommunar og private aktørar

New Kaupang har ei viktig rolle som bindeledd mellom marknad, kommunar og private aktørar. Gjennom god marknadsforståing og tett dialog bidreg dei til at kommunar og grunneigarar gjer riktige grep til rett tid.

For kommunane handlar dette om å skapa aktivitet og arbeidsplassar, medan private aktørar får støtte til å utvikla og realisera næringsareal. Samarbeidet gjer prosessane meir effektive og målretta.

Arbeid i heile Rogaland

New Kaupang arbeider i dag i heile Rogaland, som del av ein større samanheng på Sørvestlandet. Regionen har gode føresetnader for kraftkrevjande industri, med stor elektrisk produksjon basert på vasskraft, gunstig klima og lang industrihistorie.

Kommunane i samarbeidet har eit godt samspel og ser verdien av utvikling også på tvers av kommunegrenser.

Gjennom New Kaupang blir Rogaland posisjonert for ny industri – med kraft, areal og samarbeid som felles grunnlag.

Fleire nyheiter

Deltakarar KI+MI

KI-verktøya er her. Har verksemda ein plan?

Nesodden kommune kartla nær 90 arbeidsprosessar før dei valde kvar dei skulle satsa. Kva bør di verksemd prioritera? Eit nytt leiarprogram i Ryfylke skal hjelpa leiarar og nøkkelpersonar med å setja retning for KI-arbeidet og byggja sitt eige vegkart.

Les meir
Deltakarar på RyRekrutt 2026

Ungdommane inviterer til fest. Er bedrifta di med?

Mindre yrkesmesse, meir sosialt. Det er bestillinga frå Ungdomsstyret i Ryfylke når RyRekrutt igjen går av stabelen på Fiskepiren i Stavanger 22. mars 2027. No inviterer ungdommane næringslivet til å bli med på ein kveld der gode møte kan bli starten på noko større.

Les meir
Person på fjelltur ser ut over fjorden

Suldal satsar på trainee: – Me må finna nye måtar å rekruttera på

Suldal kommune vil nå unge og nyutdanna som kanskje ikkje har vurdert ein jobb i kommunen før. No lyser dei for første gong ut ei traineestilling, med mål om at eitt år i Suldal kan bli starten på noko meir.

Les meir