Ny fagskuleutdanning for landbruks- og reiselivsnæringa

Hausten 2024 kjem det ei ny fagskuleutdanning for landbruks- og reiselivsnæringa i Ryfylke.

Ei kvinne står framfor mange frukttre og snakkar til ei gruppe mennesker. Foto.
Foto: Visit Ryfylke

Grønt entreprenørskap for landbruk og reiseliv

Utdanninga er på 60 studiepoeng, men det er planlagt å utvide utdanninga med fleire emne til 120 studiepoeng.

Landbruk er ei viktig næring i Ryfylke og det er behov for eit utdanningstilbod både innan tradisjonelle landbruksemne og innan nye næringsvegar. Den siste tida har det vore ein aukande grad av produksjon av sider, vin og ost i Ryfylke – næringar som ligg tett opp mot reiselivet. Det er derfor behov for meir kompetanse, både i forvaltinga og i produksjonen. Innhaldet i utdanninga er basert på innspel frå landbruks- og reiselivsnæringa.

Utdanninga startar hausten 2024 og er eit modulbasert undervisningsopplegg som vil foregå i Ryfylke. Undervisninga er samlingsbasert i lågsesongen til landbruket og reiselivet, som er frå september til mars.

Det er Fagskolen i Rogaland og Ryfylke IKS som står bak utdanninga.

Les meir om Grønt entreprenørskap for landbruk og reiseliv.

Fleire nyheiter

Person på fjelltur ser ut over fjorden

Suldal satsar på trainee: – Me må finna nye måtar å rekruttera på

Suldal kommune vil nå unge og nyutdanna som kanskje ikkje har vurdert ein jobb i kommunen før. No lyser dei for første gong ut ei traineestilling, med mål om at eitt år i Suldal kan bli starten på noko meir.

Les meir
Bubil Ryfylke

Vil me ha folk til Ryfylke, må me visa fram jobbane som finst her

Mange ledige stillingar i Ryfylke blir berre publiserte på Finn. Då blir dei ikkje automatisk synlege på Heim te Ryfylke. No oppmodar me arbeidsgivarane om å ta eit enkelt grep: Publiser stillinga på NAV Arbeidsplassen også.

Les meir
Ketil Barkved. Foto.

Då New Kaupang starta, mangla Rogaland areal – no er fleire etableringar i gong

Etter fleire år med arbeid for å leggje til rette for kraftkrevjande industri i Rogaland, blir New Kaupang no lagt ned. Når selskapet avsluttar arbeidet, er situasjonen ein heilt annan enn då dei starta.

Les meir