Utdanningstilbod våren 2025
Resirkulerande akvakultursystem (RAS)
Praktisk informasjon
Studiepoeng: 60
Startdato: Januar 2025
Studieomfang: Deltid over to år
Undervisningsstad: I Ryfylke
Studentavgift: Ingen kursavgift
Søknadsfrist: Hausten 2024. Løpande opptak ved ledige plassar
Søknadportal opnar: 25.oktober
Utdanninga passar for
Utdanninga passar for deg som jobbar eller har erfaring frå havbruksnæringa, eller for deg som vil ha meir kunnskap om RAS-teknologi og forståing for samspelet mellom fisken og vatnet en lever i.
Organisering
Studiet er modulbasert med samlingar i Ryfylke. I samlingsvekene møtest studentane til undervisning. Alle emne har tre-fire samlingar – totalt 9 dagar per emne. Du kan følgje undervisning via opptak på nett utanom samlingane.
Opptakskrav
Opptakskrav til utdanninga er fagbrev innan naturbruk eller praksis frå næringa i minst fem år.
Emner
Våren 2025: Biologi, kjemi og fysiologi, 15 stp.
Hausten 2025: Robotisering og digitalisering, 15 stp.
Våren 2026: Oppdrettsteknologi, 15 stp.
Hausten 2026: Sirkulærøkonomi, juss og HMS, 15 stp.
Samlingar
Samlingane er i Ryfylke. Lokasjon blir bestemt i løpet av desember 2024.
Meir informasjon om utdanninga
Målet for utdanninga
-
Auka kunnskap om RAS-teknologi og forståing av samspelet mellom fisken og vatnet den lever i.
-
Bidra til større fokus på fiskehelse og velferd, og vise korleis digitale verktøy kan brukast til å utvikle ei berekraftig og etisk forsvarleg akvakulturnæring i framtida.
-
Bidra til at studentane får auka kunnskap og kompetanse på området, og leggje til rette for samarbeid i næringa og mellom ulike aktørar.
-
Gi innsikt i korleis økonomi og regelverk påverkar biologien, og korleis ein kan møte utfordringane som oppstår mellom teori og praksis.
Kven står bak utdanningstilbodet?
Det er Fagskolen i Rogaland og Ryfylke IKS som står bak utdanninga. Innhaldet i utdanninga er basert på innspel frå næringa.
Bakgrunn
Settefiskanlegg har gått frå å vere enkle anlegg med lite teknologi, til avanserte anlegg som krev moderne overvaking og kontinuerleg oppfølging. RAS-anlegg (resirkulerande akvakultursystem) er eit døme på dette. Desse anlegga bruker vassbehandlingssystem som filtrerer ut partiklar frå fòrrestar og avfall. Dei har også biofilter som, ved hjelp av bakteriar, gjer om skadelege stoff til meir uskadelege stoff som fisken toler betre. Denne teknologien gjer det mogleg å bruke mykje av vatnet om igjen. Les meir om Utviklingshistoria for settefiskanlegga her (vetinst.no).
Kompetansebehov i akvakulturnæringa
Akvakulturnæringa utviklar seg heile tida og treng meir kompetanse om landbasert oppdrett. Framover vil stadig meir av oppdretta skje på land. I dag er dei fleste slike anlegg settefiskanlegg, men det kjem òg fleire påvekstanlegg som har som mål å produsere større og sterkare smolt (ungfisk) før fisken vert sett ut i sjøen.
Det er eit aukande fokus på fiskehelse og fiskevelferd. Fiskehelserapporten frå 2023 viser utfordringane næringa står overfor. Her ser det ut til at landbasert teknologi som RAS kan vere ein viktig måte å betre kontrollen over produksjonen og sikre betre velferd for fisken.
Opplæring i RAS-teknologi blir derfor viktig for å møte framtidige utfordringar i akvakulturnæringa. Dette er eit behov næringa sjølv har peika på.
Kontaktinformasjon
Elisabeth Winterhus Julsrud
elisabeth.winterhus.julsrud@skole.rogfk.no
482 78 786