Ryfylkes største nettverks- og rekrutteringsfest


Måndag 30.mars 2026

Foto: Ari Bajgora

Registrer deg som utstillar

Som utstillar kan du møte framtidas arbeidskraft! Her kan du visa organinsasjonen din fram for ungdom som er på jakt etter prosjekt, bedrifter og stillingar i Ryfylke. 

Informasjon for utstillarar

Påmelding for deltakarar  

RyRekrutt er for deg som studerer vekke frå Ryfylke, bur i regionen, ønskjer å utvide nettverket ditt, leitar etter jobb eller berre vil ha ein sosial kveld.

Informasjon for deltakarar

Ryfylkes største nettverksfest

Ungdomsstyret i Ryfylke gjentar suksessen og inviterer til Ryrekrutt 30.mars 2026 – den største nettverks- og rekrutteringsfesten for Ryfylke.

Opplev Ari BajgoraFiskepiren, porten til Ryfylke. Det blir sjølvsagt god mat frå Ryfylke frå Drøs og Smaken av Ryfylke, og nyttig informasjon frå næringslivet.

Dei 100 fyrste som melder seg på får gratis overnatting på Scandic Stavanger City.

Ryrekrutt handlar om å skape møteplassar der de kan bli kjent, få inspirasjon og sjå nye moglegheiter. Her får de eit innblikk i det spennande og kreative næringslivet i Ryfylke – og kanskje oppdaga at framtida di kan liggja nettopp her

Program

17:00 Velkommen til nettverks- og rekrutteringsfest
19:00 Quiz 
19:30 Servering av mat frå Ryfylke
20:00 Konsert med Ari Bajgora

Foto tatt frå publikum mot scena under RyRekrutt 2025.

Informasjon for deltakarar

Velkommen til nettverksfest og konsert med Ari Bajgora 🎶
Er du student eller får du arbeidserfaring utanfor Ryfylke? Då er RyRekrutt for deg!
Men du er sjølvsagt like velkommen om du bur i regionen – kanskje ønskjer du å utvida nettverket ditt, finne jobb, eller berre ha ein sosial og kjekk kveld? Uansett kven du er, og kva mål du har, er du hjarteleg velkommen!

Praktisk informasjon

Aldersgrense: 18 år
Pris: 200,- inkl. mva.
Påmeldingsfrist: 16.mars kl.12:00

Meld deg på her

Gratis overnatting

Dei 100 fyrste som melder seg på får gratis overnatting på Scandic Stavanger City – i dobbeltrom. For å kvalifisere for gratis overnatting må du legge inn navnet på personen du vil dele rom med i bestillinga. For at de skal få hotellrom, må begge parter ha kjøpt billett og registrert at de vil dela rom med kvarandre.

Informasjon for utstillarar

Møt unge talent – studentar, lærlingar og arbeidstakarar som vil oppdaga kva spennande moglegheiter som finst i regionen. Ta med deg den gode energien og møt framtidas arbeidskraft – kanskje møter du din neste kollega?

Alle verksemder i Ryfylke er velkomne.

Pris for standplass

  • 0-10 tilsettekr. 5 000
  • 11-49 tilsettekr. 10 000
  • 50+ tilsettekr. 20 000
    Tillegg: + 5000 per ekstra bedrift på same stand

Konsert og mat frå Ryfylke til inntil fire personar per stand er inkludert i billetten.

Registrer di verksemd her

Nettverkssamling for utstillar

På RyRekrutt får alle utstillarane høve til å delta på ei inspirerande nettverkssamling før arrangementet opnar. Samlinga byr på gode samtalar og inspirasjon til korleis verksemder kan skapa ekte koplingar med framtidas arbeidskraft.

Meir informasjon kjem snart.

Kontaktinformasjon

Andrea Hebnes Tobekk 
andrea@ryfylkeiks.no
94896877

Samarbeidspartnarar

Det er Ungdomsstyret i Ryfylke og Ryfylke IKS som arrangerar Ryrekrutt 2026. RyRekrutt er realisert med hjelp frå prosjektmidlar frå Agenda Vestlandet. Me retter ei stor takk til Agenda Vestlandet for støtta!
Agenda Vestlandet. Logo.
Smaken av Ryfylke. Logo
Drøs. Logo
Logo Scandic
Logo Ryfylkefondet