Nytt tilbod
Trainee Ryfylke

Trainee Ryfylke
Trainee Ryfylke er eit regionalt utviklings- og nettverksprogram for traineear som arbeider i Ryfylke. Målet er å styrkja tilknytinga til regionen, byggja nettverk på tvers av kommunar og bransjar, og gi traineeane eit best mogleg utgangspunkt for å trivast og bli verande i Ryfylke.
Verksemder som tilset ein trainee, kan tilby deltaking i Trainee Ryfylke som ein del av traineeopplegget. Gjennom året får traineeane delta på faglege og sosiale samlingar, bedriftsbesøk, nettverksbygging og aktivitetar som gir dei betre kjennskap til regionen og moglegheitene som finst her.
Kva får traineane gjennom Trainee Ryfylke?
- Regionale samlingar gjennom året
- Fagleg påfyll og erfaringsutveksling
- Nettverk med andre traineear i Ryfylke
- Bedriftsbesøk og innblikk i ulike bransjar
- Aktivitetar som gjer traineeane betre kjende med regionen
Kva får verksemda?
- Tilgang til eit regionalt nettverk for traineeane
- Styrkt tilknyting mellom traineeane og Ryfylke
- Bidrag til å rekruttera og behalda kompetanse i regionen
Trainee-bedrift
Slik fungerer Trainee-Ryfylke
- Traineen jobbar i di bedrift i eitt år – med oppgåver tilpassa fagfeltet og dykkar behov.
- De gir traineen ein mentor som bidreg til integrering og oppfølging i arbeidskvardagen.
- Traineen deltek på jamlege samlingar i regi av Trainee Ryfylke.
- De blir del av eit regionalt nettverk av verksemder som samarbeider for vekst og utvikling.
Kven kan vera med?
Trainee-programmet i Ryfylke er ope for både privat og offentleg sektor, og alle bransjar er velkomne til å delta. Ordninga er inspirert av suksessen til Trainee SørVest og Framtidsfylket Vestland, der programmet har tiltrekt seg hundrevis av søkarar kvart år og vore ein viktig rekrutteringskanal for bedrifter i distrikta.
Bedrifter i Ryfylke har no sjansen til å utnytte denne modellen for å sikre seg kompetanse og byggje ein sterk arbeidsmarknad lokalt.
Interessert i å bli trainee-bedrift?
Trainee Ryfylke skal kombinere eit gjennomprøvd traineeprogram med sterk regional forankring – målet er at dyktige kandidatar vel Ryfylke som ein del av framtida si.
Kontaktinformasjon
Inger Johanne Vasshus
ingerjohanne@ryfylkeiks.no
91847320