Nytt tilbod
Trainee Ryfylke

Informasjon til deg som vil bli trainee
Slik fungerer trainee-programmet
I eitt heilt år får du jobbe i ei bedrift som passar til utdanninga di – enten i privat næringsliv eller i det offentlege. Du får nyttig erfaring, bygger nettverk og testar ut arbeidslivet i trygge og spennande rammer.
I tillegg blir det samlingar med andre traineear i Ryfylke. Her får du fagleg påfyll og ein sosial arena der du kan dela erfaringar og ha det kjekt.
Meld di interesse for Trainee Ryfylke i skjema under for å halde deg oppdatert på traineestillingar i Ryfylke.
Informasjon til deg som vil bli trainee-bedrift
Korleis fungerer det?
- Traineen jobbar i di bedrift i eitt år – med oppgåver tilpassa fagfeltet og dykkar behov.
- Du gir traineen ein mentor – for oppfølging og integrering i arbeidskvardagen.
- Traineen deltek på jamnlege samlingar – organisert av Trainee Ryfylke for nettverksbygging og erfaringsutveksling.
- Du blir med i eit regionalt samarbeid – som gjer dykk synlege for framtidige arbeidstakarar og posisjonerer dykk som ein attraktiv arbeidsplass.
Kven kan vera med?
Trainee-programmet i Ryfylke er ope for både privat og offentleg sektor, og alle bransjar er velkomne til å delta. Ordninga er inspirert av suksessen til Trainee SørVest og Framtidsfylket Vestland, der programmet har tiltrekt seg hundrevis av søkarar kvart år og vore ein viktig rekrutteringskanal for bedrifter i distrikta.
Bedrifter i Ryfylke har no sjansen til å utnytte denne modellen for å sikre seg kompetanse og byggje ein sterk arbeidsmarknad lokalt.
Kvifor bli med i Trainee Ryfylke?
Ny kompetanse: De får ein nyutdanna med oppdatert kunnskap og stor arbeidslyst.
Langsiktig rekruttering: Mange trainear vel å bli verande i Ryfylke etter programmet.
Kompetansebygging: Traineen kjem med nye perspektiv, innovasjon og utvikling
Sterkt nettverk: De blir ein del av eit fellesskap som satsar på vekst og samarbeid.
Oppfølging og støtte: Det blir arrangert jamnlege samlingar som hjelper traineen å utvikle seg både fagleg og personleg.
Vil du ha informasjon om Trainee Ryfylke?
Meld di interesse i kontaktskjemaet nedanfor og få oppdateringar om utviklinga av programmet.
Kontaktinformasjon
Andrea Hebnes Tobekk
andrea@ryfylkeiks.no
948 96 877