U23-billett

Gratis ungdomskort i Ryfylke

Ungdom i Ryfylke-kommunane kan reisa gratis med kollektivtransport i Rogaland. Her får du informasjonen du treng om ungdomsbilletten.
Information in English

Frå 1. september 2024 kan ungdom mellom 15 og 22 år som bur i Ryfylke-kommunane Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand og Forsand-delen av Sandnes reisa gratis med kollektivtransport i Rogaland. Du kjøper sjølv U23-billetten og søkjer om tilbakebetaling i etterkant gjennom eit elektronisk skjema.

Kjøp av billett

Alle som reiser kollektivt må ha gyldig billett, sjølv om det er gratis. Du kjøper sjølv ungdomsbiletten (U23 ) gjennom mobil-appen til Kolumbus. Billetten kan brukast på dei fleste bussar, hurtigbåtar, tog og ferjer i Rogaland.

Les meir om U23-billettSjå oversikt over sonekartHjelp til mobil-appen Kolumbus Billett

Tilbakebetaling

Når du har kjøpt U23-billetten får du ei kvittering på e-post (pdf) som du må ta vare på. For å få tilsendt kvittering etter kvart kjøp må du registrere dette under «innstillingar» i mobil-appen til Kolumbus. 

Når du har kvittering kan du søkje om tilbakebetaling. Dette gjer du  gjennom eit elektronisk skjema drifta av Stavanger kommune. Behandlingstid er 14 dagar. 

Du kan få tilbakebetalt for ein billett per reisande per aktuell periode. 

Her finn du skjema for tilbakebetaling (Stavanger kommune)

Slik legg du du inn informasjon i skjema

For at du skal få tilbakebetalt for kjøpet må du laste opp kvittering (pdf) i skjema og fylla inn:

  • Kontonummer
  • Fødselsnummer
  • Kontaktinformasjon
Sjå rettleiing for å registrere i skjema (pdf)

Vilkår for å få tilbakebetalt for U23-billett

  • For å få tilbakebetalt utgifter til U23-billett må den vera kjøpt etter 1.september 2024.
  • Ordninga gjeld frå og med dagen du fyller 15 år, til og med året du fyller 22 år.
  • Det er berre eigar av billetten som kan søke om tilbakebetaling.
  • Du må vera folkeregistrert og bu i Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand eller Forsanddelen av Sandnes kommune.
  • Du treng ein smarttelefon for å ta i bruk ordninga. Berre billettar som er kjøpt gjennom mobil-appen til Kolumbus kan refunderast.
  • Du må ha BankID eller MinID for å søke om tilbakebetaling.

Kontaktinformasjon

Har du tekniske problem eller spørsmål om ordninga kan du ta kontakt med din kommune.

Sauda kommune – tlf: 46 93 50 75 , biblioteket@sauda.kommune.no

Suldal kommune – tlf: 52 79 22 00 , postmottak@suldal.kommune.no

Hjelmeland kommune – tlf: 51 75 00 00 , postmottak@hjelmeland.kommune.no

Strand kommune – tlf: 51 74 30 00 , postmottak@strand.kommune.no

Sandnes kommune – tlf: 51 33 50 00 , postmottak@sandnes.kommune.no

Ofte stilte spørsmål

Her finn du svar på mange av førespurnadene me får om gratis ungdomskort U23 i Ryfylke.

Politiske vedtak om gratis busskort

  • Hausten 2023: Ryfylkerådet bestemde at alle ungdommar frå og med 15 år til og med 22 år, som har folkeregistrert bustadsadresse i Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand og Forsand, skal få tilbod om gratis ungdomskort.
  • Bakgrunn for ordninga er mellom anna for å unngå at studentar melder flytting.
  • Planen var å nytta den same tekniske løysinga som Stavanger kommune brukte for å tilby gratis kollektivtransport til innbyggjarane sine i 2023.
  • Våren 2024: Etter at Stavanger kommune avslutta prosjektet med gratis kollektivtransport var ikkje lenger mogleg å bruke den same tekniske løysinga.
  • Stavanger kommune tilbyr ei alternativ løysing basert på refusjonsordning.
  • Det vart bestemd at refusjonsordninga skal tre i kraft frå 1. september 2024 og vil vare til og med 31. desember 2025.
  • Ordninga vil bli evaluert hausten 2025. Deretter blir det teke stilling til om gratis ungdomskort skal førast vidare.
Sjå saksframlegg og vedtak.