Vil me ha folk til Ryfylke, må me visa fram jobbane som finst her

Mange ledige stillingar i Ryfylke blir berre publiserte på Finn. Då blir dei ikkje automatisk synlege på Heim te Ryfylke. No oppmodar me arbeidsgivarane om å ta eit enkelt grep: Publiser stillinga på NAV Arbeidsplassen også.

Bubil og vegskilt Ryfylke
Foto: Kristoffer Ryde / Reisemål Ryfylke

Skal me få fleire til å vurdera Ryfylke som ein stad å jobba og bu, må me klara å visa fram moglegheitene som faktisk finst her. Det er ein viktig del av tanken bak Heim te Ryfylke.

Foto: Janet Jørmeland

– Heile poenget med Heim te Ryfylke er å samla moglegheitene i regionen på éin stad. Ein person som vurderer å flytta til eller tilbake til Ryfylke, skal kunna finna ledige jobbar, bustader, arrangement og informasjon om korleis det er å bu og leva her, utan å måtta leita hos kvar enkelt kommune, bedrift eller aktør, seier Janet Jørmeland, prosjektleiar for Heim te Ryfylke.

Jobbane må vera synlege

Heim te Ryfylke hentar ledige stillingar automatisk frå NAV Arbeidsplassen. Utfordringa er at mange arbeidsgivarar i Ryfylke berre publiserer stillingane sine på Finn. Desse kan me ikkje henta automatisk.
Konsekvensen er at ein del av jobbane som faktisk finst i Ryfylke, ikkje blir synlege når potensielle tilflyttarar utforskar arbeidsmarknaden gjennom Heim te Ryfylke.


Og for ein som vurderer å flytta, er det samla biletet viktig.
– Det handlar ikkje nødvendigvis berre om å finna éin bestemt jobb. Ein vil gjerne sjå om det finst fleire aktuelle arbeidsgivarar, moglegheiter for ein eventuell partnar og rom for å utvikla eller byta jobb seinare. Dersom stillingar manglar, kan ein sitja igjen med inntrykk av at det finst færre karrieremoglegheiter i Ryfylke enn det faktisk gjer, seier Jørmeland.

Eit enkelt grep frå arbeidsgivarane

Difor har me ei oppmoding til bedrifter og kommunar i Ryfylke:

Når de lyser ut ei stilling, publiser den også på NAV Arbeidsplassen.

De kan sjølvsagt framleis bruka Finn og andre rekrutteringskanalar. Men ved å publisera stillinga på NAV Arbeidsplassen også, kan den automatisk bli synleg gjennom Heim te Ryfylke.


Det gir ikkje berre den enkelte stillinga ein ekstra kanal. Det hjelper oss også med å visa fram breidda i arbeidslivet i regionen.
– Kvar ledige stilling er ikkje berre ei utlysing frå éin arbeidsgivar. Den er også ein del av historia om kva slags kompetanse, arbeidsplassar og karrierevegar som finst i Ryfylke. Når arbeidsgivarane publiserer på NAV Arbeidsplassen, hjelper dei oss med å gjera både stillinga, arbeidsplassen og regionen meir synleg, seier Jørmeland.


Har de ei ledig stilling? Publiser den gjerne på NAV Arbeidsplassen – så kan me vera med og gjera den synleg gjennom Heim te Ryfylke.

Fleire nyheiter

Då New Kaupang starta, mangla Rogaland areal – no er fleire etableringar i gong

Etter fleire år med arbeid for å leggje til rette for kraftkrevjande industri i Rogaland, blir New Kaupang no lagt ned. Når selskapet avsluttar arbeidet, er situasjonen ein heilt annan enn då dei starta.

Les meir

Bli med på Ryfylkekonferansen!

Ryfylkekonferansen 2026 nærmar seg! Bli med på to inspirerande dagar fylt med fagleg påfyll, nettverksbygging og gode samtalar om utvikling, næringsliv og framtida i Ryfylke. Sjå programmet og meld deg på via invitasjonen under.

Les meir
Ungdomsstyret i Ryfylke

Ungdomsstyret i Ryfylke gir stafettpinnen vidare

Etter to år med engasjement, samarbeid og viktige initiativ for ungdom i regionen, takkar me no av ungdomsstyret i Ryfylke for perioden 2024–2026. Styret har vore ei viktig stemme for ungdom i Ryfylke og har bidrege til å setja ungdom sine behov og perspektiv på dagsorden.

Les meir