1,5 millionar til «Heilt heim»

Ungdomsstyret i Ryfylke har motteke ei stor pengegåve frå Sparebankstiftinga SR-Bank. Gåva på 1,5 millionar kroner vil bli nytta til prosjektet Heilt heim, ein digital kommunikasjonsplattform som skal styrkje banda mellom ungdom og arbeidsliv i regionen.

Frå venstre: Erik Løland, Peder Krokedal, Anne Langeland Bratthammer og Helge Malmberg. Foto
Foto: Ryfylke IKS

Heilt Heim-prosjektet er ein del av ein større satsing for å gjera unge i Ryfylke betre kjent med regionen sin og arbeidslivet her.

Leiar i ungdomsstyret, Anne Langeland Bratthammer, seier:

– Me er utruleg glade for denne støtta som gjer det råd for oss å realisera viktige tiltak for unge i Ryfylke. Heilt heim vil gjere det enklare for unge å halde kontakten med regionen sin, få betre oversikt over det spennande arbeidslivet regionen har og delta aktivt i utviklinga av Ryfylke.

Midlane skal vera med å realisera ein del av handlingsplanen til ungdomsstyret. Den inkludere fleire prosjekt for å sikre rekruttering og tilflytting til regionen. I tillegg til Heilt heim arbeider styret no med å arrangera Ryrekrutt, eit stort nettverks- og rekrutteringsarrangement som finn stad tysdag 15. april 2025 på Fiskepiren i Stavanger. Arrangementet skal samle unge frå Ryfylke og arbeidsgivarar til ein dag fylt med fagleg og sosialt påfyll.

Arrangementet skal inspirera fleire unge til å bli betre kjent med kvalitetane i eigen region. Ungdomsstyret inviterer alle arbeidsgivarar til å vise seg fram denne dagen for framtidige arbeidstakarar. Det er store artistar på programmet – Tøfl og Isah er allereie på plass, og det blir gratis overnatting for dei første 200 som melder seg på.

Nestleiar i Ungdomsstyret, Peder Krokedal, understrekar kor viktig støtta frå Sparebankstiftinga er:

– Dette er ei investering i framtida til Ryfylke. Gjennom Heilt heim og RyRekrutt kan me vise unge at regionen har mykje å by på, både når det gjeld eit spennande arbeidsliv og i tillegg til spennande sosiale aktivitetar. Det er kjekt at Sparebankstiftelsen har trua  på prosjektet vårt og utviklinga av Ryfylke-regionen.

No er det offisielle gåvekortet overrekt og dette markere ei spennande tid for unge i Ryfylke. Ungdomsstyret vil arbeida vidare med fleire prosjekt, mellom anna vidareutvikling av nettportalen Sommarjobben.no og etablering av eit trainee-program for nyutdanna i samarbeid med lokalt arbeidsliv.

Målet er å skapa varige løysingar som knyter unge tettare til regionen og bidrar til ei positiv utvikling for Ryfylke.


Nyheiter frå Ryfylke IKS

Fleire nyheiter

Bli med på Ryfylkekonferansen!

Ryfylkekonferansen 2026 nærmar seg! Bli med på to inspirerande dagar fylt med fagleg påfyll, nettverksbygging og gode samtalar om utvikling, næringsliv og framtida i Ryfylke. Sjå programmet og meld deg på via invitasjonen under.

Les meir
Ungdomsstyret i Ryfylke

Ungdomsstyret i Ryfylke gir stafettpinnen vidare

Etter to år med engasjement, samarbeid og viktige initiativ for ungdom i regionen, takkar me no av ungdomsstyret i Ryfylke for perioden 2024–2026. Styret har vore ei viktig stemme for ungdom i Ryfylke og har bidrege til å setja ungdom sine behov og perspektiv på dagsorden.

Les meir

Nær 300 ungdommar registrerte seg då Heim te Ryfylke vart lansert

Lanseringa av Heim te Ryfylke har fått ein sterk start. Etter besøk ved Strand vidaregåande skule og Sauda vidaregåande skule har nær 300 ungdommar registrert seg på plattforma.

Les meir