Konferanse
Ryfylkekonferansen MOR
Ryfylkekonferansen MOR 2024:
Kompetanseutvikling i ei ny tid
Årets konferanse (den 9. i rekka) blir svært spennande! I år skal me setje kunstig intelligens (KI) som det overordna temaet og sjå nærmare på korleis me kan bruka KI i å styrkja Ryfylke.
Eksempel på spørsmål me vil svare ut:
- Korleis kan næringslivet bruka KI til å bli enda betre?
- Korleis kan KI vera ein ressurs i omsorg og velferd for eldre?
- Kva rolle får KI for utvikling av attraktivitet og mobilitet i regionen vår?
- Kan KI spele ei rolle i integreringsarbeidet- og koss opplever innvandrarar Ryfylke?
KI kan forandre veldig mange av oppgåvene våre i framtida. Om fem år vil mange av våre oppgåver bli betrakteleg endra som eit resultat av utviklinga av kunstig intelligens.
Informasjon
Dato: 5. og 6. september 2024
Arrangør: Ryfylke IKS, Rogaland Fylkeskommune,
Næringsforeningen i Stavanger-regionen, Reisemål Ryfylke, Næringshagen i Ryfylke.
Stad: Suldal kulturhus i Sand
Påmelding: naeringsforeningen.no
Påmeldingsfrist: 02.sep kl. 12.00
Programleiar: Eli Nessa
Overnatting bestiller du på ryfylkefjordhotell.no. Nytt rabattkoden «MOR-konferansen» for konferansepris.
Kontakt
Einar Schibevaag
einar@ryfylkeiks.no
913 08 972
Program
09:00 Registrering, kaffi/te og noko å bite i.
09:30 Velkommen til Ryfylke ved Ole Ueland, fylkesordførarar i Rogaland.
Bolk 1: KI – kva er det og korleis møter me den nye teknologien?
lege med doktorgrad innan kunstig intelligens i medisin.
Bolk 2: KI – fire aktuelle tema
14:00 Kan digital tvilling og simulering bli eit viktig tema i samfunnsplanlegginga? ved Brynjar Andersen Saus, prosjektleiar Tromsø Arctic Simulation Centre (TASIC).
14.45 Pause
15.00 KI – hjelp eller trussel for læraren i skulen? ved Lisa Jane Stornes, lektor ved Sauda vidaregåande skule
15.45 Kan KI bidra til at unge vel Ryfylke? ved Anne L Bratthammer, leiar av ungdomsstyret i Ryfylke.
16.15 Pause. Kaffe/te og frukt.
16.30 Samtale leia av Alf Aadnøy, forretningsutviklar i Ryfylke Næringshage.
- Irene Heng Lauvsnes, rådordførar i Ryfylke
- Trond Kathenes, digital direktør i Greig seafood
- Anna Aabø, lektor ved Fagskolen Rogaland
- Terese Ramsland, sekssjonsjef i Stavanger kommune IT og systemforvaltning
Bolk 3: Det attraktive Ryfylke – koss framsnakka regionen?
- Olav Lindseth, hotelleigar av Energihotellet og styreleiar i Reisemål Ryfylke.
- Ingvild Erøy, gründer, co-founder og CCO i Kakadu Ignite AS.
- Ben Martin, Economics Practice Director at HKS inc.
Detbattleiar: Espen Geelmuyden Rød, rådgjevar Rogaland fylkeskommune.
Bolk 4: Innvandring styrkjer Ryfylke
- Iryna Krochuk, ved NAV Sauda/Suldal
- Andreas Fløgstad, dagleg leiar i Sauda Næringsutvikling
- Idar Tobias Heskestad, ved Norsk Spennbetong
- Bonolo Ramphomane-Aandahl, næringsdrivande og folkevald Suldal
13.45 Vegen vidare, ved Bjørn Wigdel, næringssjef i Strand kommune.
Foredragshaldarar
Ishita Barua
Ishita Barua er lege og har doktorgrad i kunstig intelligens i medisin. Ho er ein premiert AI-forskar og har vore gjesteforskar ved Harvard Medical School. Ho er også kåra til ein av Noregs 50 fremste Tech-kvinner. Ho er forfattar av boka “Kunstig intelligens reddar liv – AI er dei nye superkreftene til legane”.
Anne-Kat Hærland
Anne-Kat. Hærland er nok mest kjent som komikar mellom anna i Nytt på Nytt, men og at ho har fått den dystre diagnosen retinitis pigmentosa, ein augnesjukdom som truleg kjem til å gjere henne blind utover 50 åra. No engasjerer ho seg innanfor kunstig intelligens (KI) og har gjennom fleire foredrag og podkastar vist stor interesse og kunnskap på området.
Anne Bratthammer
Anne har master i Geologi frå NMBU og startar hausten 2024 i ei traineestilling ved Mibau Stema Norge AS. Ho er også leiar i det nye ungdomsstyret i Ryfylke.
Inger Bråtveit
Inger Bråtveit frå Suldal debuterte i 2002 med romanen Munn mot ein frosen fjord. For romanen Siss og Unn vart ho i 2008 nominert til Kritikerprisen. Bråtveit har motteke fleire litterære prisar, mellom anna Nynorsk litteraturpris og Bjørnsonstipendet. Før sin litterære karriere hadde ho ein skarp og god penn i Sauldalsposten heilt sidan ho gjekk i ungdomsskulen.
Andreas Fløgstad
Andreas er utdanna siviløkonom og har ar erfaring frå ulike leiarstillingar i offentleg og privat sektor. I dag jobbar han som dagleg leiar i Sauda næringsutvikling KF.
Iryna Krochuc
Krochuc kom til Noreg etter krisgutbrotet i Uranina. Ho er utdanna jurist og har tidlegare arbeidd som juridisk rådgivar. Dei siste to åra har ho vore tilsett som rettleiar i NAV Suldal med fokus på integrering og å hjelpe ukrainske flyktningar med økonomi, velferd og å finna jobb. No er ho prosjektleiar for “Alle skal med”.
Idar Tobias Heskestad
Heskestad er utdanna sivilingeniør og er engasjert i ein rekke selskaper, mellom anna Norsk Spennbetong i Forsand. Der har dei over 80 tilsette med ulike nasjonalitetar, som jobbar for å skreddarsy element til oppdragsgivar sitt behov.
Truls Nordahl
Nordahl er i dag direktør i NAV Rogaland og før det mellom anna økonomisjef i Hjelmeland kommune.
Therese Ramsland
Therese Ramsland er utdanna medievitar og er ansatt som seksjonssjef IT-systemforvalting og leiar for digital etikk i Stavanger kommune. Kommunen sitt samfunnsansvar for å ta vare på innbyggjarne sitt personvern og at menneske skal få leve det gode livet, er viktig i arbeidet hennar. Målet er at digitalisering skal skje i lys av lovlegheit, etikk og sikkerheit.
Espen Geelmuyden Rød
Rød har doktorgrad og er samfunnsanalytikar med bakgrunn som demokrati- og fredsforskar. Ambisjonane hans er å bruka fagleg kunnskap, dataanalyse og forteljarkunst til å skapa gode samfunn. I dag arbeider han hjå Rogaland fylkeskommune som rådgjevar ved avdelinga for opplæring, seksjon regional kompetanse.
Jon Terje Aksland
Jon Terje Aksland er produktsjef i Uni Micro AS, som er ein av Noregs leiande aktørar innan rekneskapssystem. Ved å bruke nytenkande og forsterka teknologi og på same tid ha lang erfaring i bransjen, kombinerer selskapet det beste frå begge verder.
Irene Heng Lauvsnes
Irene Heng Lauvsnes er rådsordførar i Ryfylkerådet, ordførar i Strand kommune og vararepresentant på Stortinget for Høgre. Ho er utdanna ingeniør innan akvakultur og brenn for næringsutvikling i Ryfylke. Når ombodsrolla ikkje tek all tida hannar, jobbar ho som salsleiar i Skretting.
Alf Aadnøy
Alf Aadnøy er forretningsutviklar og prosjektleiar i Næringshagen i Ryfylke. Han har lang erfaring frå bedriftsetablering og bedriftsutvikling, omstillingsarbeid, kvalitetssikring, design, IT, digitale prosessar og automatisering.
Olav Lindseth
Saman med ektefelle driv Olav Lindseth Energihotellet på Nesflaten. Han er ei tydeleg stemme i regionen og har hatt fleire verv i styrer i råd med sikte på å utvikle Ryfylke som region. Han er mellom anna styreleiar i Reisemål Ryfylke
Eli Nessa
Nessa har en mastergrad i dokumentarproduksjon frå Universitetet i Stavanger og ein B.A. i statsvitskap, i tillegg til årsstudium i journalistikk og videoproduksjon. Ho har sidan 2002 arbeidd i TV, radio og med filmproduksjon, og har lang erfaring både framføre og bak kameraet. I tillegg er ho styreleiar i Pårørendesenteret og Ryfylkemuseet.
Ole Ueland
Ueland er ein erfaren politikar – han har vore ordførar i Sola kommune i åtte år, samt hatt sete i fylkestinget i fire og frå 2023 tok han plass som fylkesordførar i Rogaland fylkeskommune.
Bonolo Ramphomane-Aandahl
Bonolo Ramphomane-Aandahl kom som innvandrar til Suldal i 2010 som sandvolleyball-trenar på den vidaregåande skulen i 2010. I dag er ho mellom anna dagleg leiar av Suldal Bad og driv serveringsstaden Brunsj på Sand. Ho har og engasjert seg i politikken i kommunen.
Bjørn Wigdel
Bjørn har bakgrunn frå privat næringsliv og han har brei erfaring frå omstilling og endringsleiing. I over 25 år har han vore oppteken av å nytta moglegheitene som det digitale skiftet for å forbetra tenestetilbodet. Bjørn har leidd fleire digitaliseringsprosjekt både som prosjekteigar og prosjektleiar.
Ingvild Erøy Prestårhus
Ingvild Erøy Prestårhus, er ein ung gründer frå Erfjord. Ho er utdanna innan media og kommunikasjon og driv mellom anna selskapet Kakadu AS som har som mål å bidra til reduksjon i digitalt utanforskap. Ho driv og Himom – som tilbyr unike overnattingsopplevingar på garden sin i Erfjord.
Lisa Jane Stornes
Lisa Jane Stornes er lektor ved Sauda vidaregåande skule og blei i 2023 kåra til årets nettpedagog. Ho har alltid hatt interesse for det digitale og er spesielt interessert i korleis ein kan bruka kunstig intelligens som verktøy i skulen.
Sabine Otto-Rød
Sabine Otto-Rød er samfunnsvitar og dataanalytikar. Ho har arbeidd som forskar innan freds- og konfliktforsking. Ho underviser ved høgskular og universitet mellom anna ved HVL. Sabine er fødd i Tyskland og bur no i Sauda. Ho ønskjer å bidra positivt til utviklinga av Sauda og Ryfylke.
Trond Hovland
Trond Hovland har dei siste 16 åra vore dagleg leiar i ITS Norway – ei nøytral, ikkje-kommersiell foreining som arbeider for å gjera transportsektoren smartare, reinare og tryggare ved hjelp av IKT og ny teknologi.
Ben Martin
Ben Martin har over 28 års erfaring som konsulent innan turismeplanlegging og eigedomsøkonomi. Han har gjennomført prosjekt på tvers av eit breitt spekter av land i Europa (inkludert det norske Arktis), Sentral-Asia, Midtausten og Afrika.
Brynjar Andersen Saus
Brynjar Andersen Saus er utdanna sivilingeniør og har bakgrunn frå politikken. I TASIC arbeider han mellom anna med simulering for forskingsformål og har den siste tida vore involvert i prosjekt relatert til digitale tvillingar både for teknologi- og samfunnsutvikling.
Sitat frå deltakarar
“Nyttig og kjekk konferanse!”
“MOR-konferansen er ein utruleg viktig møteplass når samskaping er målet.”
“Viktig arena der sentrale folkevalde fekk innsyn og forståing for spørsmål konferansen sette lys på”
“Mye viktig tematikk som bør følgjast opp med politiske tiltak.”
Særdeles vel gjennomført!
Positivt med god tid til å prate med andre deltakere. Middag torsdag kveld var veldig bra. Da fikk vi både god mat, utvikle nye bekjentskaper og lytte til Tønes.
«Viktig at Ryfylke kan stå sammen på denne måten for å løse felles utfordringer. Fortsett sånn!»
Mange gode og aktuelle innlegg!
Variert og flott program- bra jobba!
Tusen takk for en nyttig og inspirerende konferanse!!
Bra sammensatt program, spesielt dag 1 hadde god variasjon (men med en tydelig “rød tråd”) og ikke minst inspirerende.
“Godt planlagt og god regi på arrangementet”
Bra opplegg og god møteplass!