Utdanningstilbod våren 2025
Bærekraftig havbruk for framtida
Praktisk informasjon
Studiepoeng: 15
Startdato: Våren 2025
Studieomfang: Deltid
Varigheit: Eitt semester
Undervisningsstad: Hjelmeland
Studieavgift: Ingen kursavgift
Utdanninga passar for
Utdanninga passar for tilsette i havbruksnæringa, studentar som vil bygge vidare på emner med sikte på ein bachelorgrad og andre som vil ha meir kunnskap om havbruksnæringa.
Organisering
Undervisninga er samlingsbasert på Smaken av Ryfylke på Hjelmeland.
Samlingsdatoar
Samling 1: 30-31 januar
Samling 2: 27-28 februar
Samling 3: 27-28 mars
Samling 4: 24-25 april
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realfagkompetanse.
Faginnhald
Som student vil du lære å identifisere forvaltningsvurderingar og bruke tilgjengelege data og informasjon for å ta gode avgjerder med forvaltningsmessige konsekvensar i eigen organisasjon. Emnet har som mål å gjere deg som student i stand til å reflektere kritisk over både forvaltnings- og berekraftsutfordringar, samt moglegheiter i havbruksnæringa.
Emnet er ein del av kursserien Den Blå åker.
Sjå emneplan FØS8113 Bærekraftig havbruk for framtiden (hvl.no)
Kven står bak utdannignstilbodet?
Denne vidareutdanninga er eit samarbeidsprosjekt mellom Høgskulen på Vestlandet, Ryfylke IKS og aktørar frå næringa: Grieg Seafood ASA, Bremnes Seashore AS, Sterling White Halibut AS, Mowi, Tytlandsvik Aqua, Fister Smolt og Årdal Aqua.
Kontaktinformasjon
Einar Schibevaag
einar@ryfylkeiks.no
913 08 972