På sommarjobb-turné i ny Heim te Ryfylke-bil

Denne sommaren har Andrea Hebnes Tobekk reist frå Sauda til Forsand for å møta ungdommar som har sommarjobb i Ryfylke. Turneen har vore ein del av satsinga sommarjobben.no og denne gongen har ho hatt med seg noko heilt nytt – Heim te Ryfylke sin splitter nye bil.

Foto: Andrea Hebnes Tobekk sitter i ny hvit bil med logoen til Heim te Ryfylke, med Ryfylke i bakgrunnen.

– Målet har vore å synleggjera ungdommar som jobbar her i regionen, fortel Andrea.
Ho har besøkt sommarvikarar i alle slags bransjar – frå helse, idrett og reiseliv til industri, havbruk, energi og transport.

Ungdommane ho har møtt har vore frå 13 til 26 år, nokre busette i Ryfylke, andre på sommarbesøk frå studiestader.

Godt motteken ute i bedriftene

– Eg har blitt tatt så godt i mot over alt! Det har vore kjekt å få omvisningar, læra meir om arbeidsplassen og møta folk som brenn for det dei driv med, seier Andrea.

Ho legg til at ho opplever ein gjensidig takknemlegheit mellom sommarvikarane og bedriftene.
– Arbeidsgivarane snakkar varmt om ungdommane, og ungdommane snakkar like varmt om jobben sin. Mange set pris på å få ansvar og tillit, og fleire fortel at bedrifta sjølv tek kontakt for å tilby jobb – også året etter.

Godt arbeidsmiljø er viktig

Når Andrea spør kva som er viktigast i jobben, kjem svaret alltid tilbake: eit godt arbeidsmiljø.
– Det betyr mykje å ha kollegaer og leiarar som støttar deg og gir deg moglegheiter.

Ho meiner dette også er nøkkelen til å få fleire ungdommar til å jobba – og bu – i Ryfylke i framtida.
– Bedriftene må synleggjera seg, visa kva dei driv med og kva behov dei har. Og ikkje minst – satsa på ungdommane. Dei er framtida vår!

Fleire jobbar enn mange trur

Det som har overraska Andrea mest på turneen, er mangfaldet av jobbar i Ryfylke.
– Ofte kjenner ein best til arbeidsplassane i si eiga bygd, men det finst så mange spennande moglegheiter rundt om i heile regionen, seier ho.

Og om ho sjølv var 17 år i dag?
– Då ville eg kanskje søkt hos Statkraft eller Mibau Stema – eg trivst med fysisk arbeid og likar å vere ute, smiler Andrea.

Fleire nyheiter

Har de vurdert trainee? No er tida inne for å ta ein prat!

Har verksemda di behov for ny kompetanse og friske perspektiv? Gjennom Trainee Ryfylke kan de tilsetja ein nyutdanna som bidreg i verksemda, og samtidig tilby eit regionalt utviklingsprogram med fagleg påfyll og nettverk. Det er framleis mogleg å bli med, og de treng ikkje ha alle svara klare før de…

Les meir
Portrettbilde

– Ryfylke IKS må våga å ta større plass

Ryfylke IKS må utfordra etablerte tankesett og ta ei tydelegare rolle i utviklinga av regionen. Det meiner dagleg leiar Ingrid Roth, som har store ambisjonar for framtida til Ryfylke.

Les meir
Deltakarar KI+MI

KI-verktøya er her. Har verksemda ein plan?

Nesodden kommune kartla nær 90 arbeidsprosessar før dei valde kvar dei skulle satsa. Kva bør di verksemd prioritera? Eit nytt leiarprogram i Ryfylke skal hjelpa leiarar og nøkkelpersonar med å setja retning for KI-arbeidet og byggja sitt eige vegkart.

Les meir