KI-verktøya er her. Har verksemda ein plan?

Nesodden kommune kartla nær 90 arbeidsprosessar før dei valde kvar dei skulle satsa. Kva bør di verksemd prioritera? Eit nytt leiarprogram i Ryfylke skal hjelpa leiarar og nøkkelpersonar med å setja retning for KI-arbeidet og byggja sitt eige vegkart.

Deltakarar KI+MI
Foto: Ryfylke IKS

Då Nesodden kommune ville frigjera tid og ressursar, byrja dei med å undersøkja arbeidsprosessane sine. Nær 90 prosessar på tvers av rundt 40 verksemder blei kartlagde, ifølgje Altinget.

Valet fall på byggesak. Her hadde kommunen allereie arbeidd med forbetringar, og medarbeidarane var motiverte for neste steg. KI hjelper no med å samla og kontrollera informasjon, medan saksbehandlaren framleis gjer den faglege vurderinga og tek avgjerda.

– Det er lurt å starte der det er modenhet i organisasjonen, seier assisterande kommunedirektør Esther Gilen til Altinget.

Ifølgje Altinget kan saksassistenten spara saksbehandlaren for fleire dagar med førebuande arbeid. Manglar blir dessutan oppdaga tidlegare, noko som reduserer risikoen for at sakene trekkjer ut. Det viser potensialet for å frigjera kapasitet til andre oppgåver, samstundes som innbyggjarane kan få raskare saksgang.

Kva bør di verksemd prioritera?

Erfaringane frå Nesodden reiser eit spørsmål som er relevant langt utover kommunal saksbehandling: Korleis vel ein KI-satsingar som gir verdi, og kva må vera på plass for å lykkast?

Det er her KI-leiarprogrammet til Ryfylke IKS byrjar. Frå desember møtest leiarar og nøkkelpersonar til fire samlingar på Vigahavn i Hjelmeland. Før praktiske verktøy kjem på agendaen, arbeider deltakarane med kva dei ønskjer å oppnå, og korleis KI skal støtta strategien til verksemda.

Det er lett å bli oppteken av kva eit verktøy kan gjera. Som leiar må du først spørja kva verksemda treng å få til. Det gir eit betre grunnlag for å prioritera både tid og investeringar.

Lars Rinnan – KI-ekspert, futurist og gründar

Gjennom programmet byggjer kvar deltakar sitt eige KI+MI Veikart™. Det samlar prioriterte bruksområde, forventa gevinstar, risiko og tiltak for gjennomføring. Deltakarane tek utgangspunkt i eiga verksemd og vel tre kjerneprosessar som kan forbetrast med KI.

Ein strategi må fungera mellom menneske

Gode prioriteringar er éin del av arbeidet. Organisasjonen må òg kunna gjennomføra dei.

Derfor handlar programmet om kultur for innovasjon, gode avgjerder og mot til å utfordra etablerte arbeidsmåtar. Deltakarane undersøkjer kva som fremjar og hemmar utvikling, og kva rolle dei sjølve har som leiarar.

Kva skjer hos dykk når nokon utfordrar måten de alltid har gjort ting på? Blir ideen utforska eller stoppa? Det seier mykje om føresetnadene for å få KI-strategien til å fungera.

Synneva Erland – Leiarutviklar, kommunikasjonsrådgivar og foredragshaldar

Lars har ansvar for workshopane om KI-strategi og KI i praksis. Synneva leier workshopane om avgjerder, innovasjon, menneske og organisasjon. Undervegs arbeider deltakarane med gevinstar, praktiske verktøy og fordelinga av oppgåver mellom menneske og maskiner.

Eit vegkart å ta med vidare

Etter fire samlingar har deltakarane bygd eit vegkart som koplar strategiske val til konkrete tiltak for eiga verksemd. Dei har òg fått drøfta utfordringar og delt erfaringar med andre leiarar i Ryfylke.

Ta gjerne med ein kollega, slik at de får eit felles utgangspunkt for arbeidet vidare.

Stad: Vigahavn, Hjelmeland
Datoar:3. desember 2026, 21. januar, 25. februar og 8. april 2027
Tid: Kl. 10.00–15.00 alle dagar
Pris: 14 990 kroner ekskl. mva. Ekstra deltakar frå same verksemd: 6 990 kroner ekskl. mva.

Kva bør vera neste steg for di verksemd?

Fleire nyheiter

Deltakarar på RyRekrutt 2026

Ungdommane inviterer til fest. Er bedrifta di med?

Mindre yrkesmesse, meir sosialt. Det er bestillinga frå Ungdomsstyret i Ryfylke når RyRekrutt igjen går av stabelen på Fiskepiren i Stavanger 22. mars 2027. No inviterer ungdommane næringslivet til å bli med på ein kveld der gode møte kan bli starten på noko større.

Les meir
Person på fjelltur ser ut over fjorden

Suldal satsar på trainee: – Me må finna nye måtar å rekruttera på

Suldal kommune vil nå unge og nyutdanna som kanskje ikkje har vurdert ein jobb i kommunen før. No lyser dei for første gong ut ei traineestilling, med mål om at eitt år i Suldal kan bli starten på noko meir.

Les meir
Bubil Ryfylke

Vil me ha folk til Ryfylke, må me visa fram jobbane som finst her

Mange ledige stillingar i Ryfylke blir berre publiserte på Finn. Då blir dei ikkje automatisk synlege på Heim te Ryfylke. No oppmodar me arbeidsgivarane om å ta eit enkelt grep: Publiser stillinga på NAV Arbeidsplassen også.

Les meir