– Ryfylke IKS må våga å ta større plass

Ryfylke IKS må utfordra etablerte tankesett og ta ei tydelegare rolle i utviklinga av regionen. Det meiner dagleg leiar Ingrid Roth, som har store ambisjonar for framtida til Ryfylke.

Visit Ryfylke

Korleis ser Ryfylke ut om ti år? Og kva rolle skal Ryfylke IKS spela i utviklinga? Me har utfordra dagleg leiar Ingrid Roth til å dela nokre tankar om framtida, moglegheitene og kva organisasjonen må våga å gjera annleis.

Frå moglegheiter til handling

Ryfylke IKS arbeider med næringsutvikling, rekruttering og mobilitet på tvers av kommunegrensene. Gjennom samarbeid mellom kommunar, næringsliv og andre aktørar skal organisasjonen bidra til utvikling i regionen.

Men kva blir den viktigaste oppgåva framover?

– Å samla menneske, kompetanse og ressursar og omsetja moglegheiter til handling og verdiskaping, seier Roth.

Ho meiner også at organisasjonen må våga å ta ei tydelegare rolle.

– Me må våga å ta større plass, utfordra etablerte tankesett og setja retning for utviklinga i Ryfylke.

Drøymer om ein region som viser veg

Når Ingrid får drøyma høgt om framtida til Ryfylke IKS, handlar det ikkje berre om kva organisasjonen sjølv skal få til.

Ho ser føre seg at måten aktørane i Ryfylke samarbeider på, kan bli eit førebilete for andre.

– Eg drøymer om at Ryfylkemodellen har blitt eit førebilete for regional utvikling, der kommunar, næringsliv og kompetansemiljø byggjer tillit, deler kunnskap og skaper resultat på tvers av grenser.

Ryfylke om ti år

Kva håpar ho så at samarbeidet har bidrege til om ti år?

– At Ryfylke er ein attraktiv og framtidsretta region med sterke bedrifter, levande lokalsamfunn og spennande moglegheiter for nye generasjonar.

Det er store ambisjonar. Og dei handlar om meir enn enkeltprosjekt og satsingar.

For Ryfylke IKS er målet å bidra til ei utvikling som skaper verdi for heile regionen, også på lang sikt.

Fleire nyheiter

Har de vurdert trainee? No er tida inne for å ta ein prat!

Har verksemda di behov for ny kompetanse og friske perspektiv? Gjennom Trainee Ryfylke kan de tilsetja ein nyutdanna som bidreg i verksemda, og samtidig tilby eit regionalt utviklingsprogram med fagleg påfyll og nettverk. Det er framleis mogleg å bli med, og de treng ikkje ha alle svara klare før de…

Les meir
Deltakarar KI+MI

KI-verktøya er her. Har verksemda ein plan?

Nesodden kommune kartla nær 90 arbeidsprosessar før dei valde kvar dei skulle satsa. Kva bør di verksemd prioritera? Eit nytt leiarprogram i Ryfylke skal hjelpa leiarar og nøkkelpersonar med å setja retning for KI-arbeidet og byggja sitt eige vegkart.

Les meir
Deltakarar på RyRekrutt 2026

Ungdommane inviterer til fest. Er bedrifta di med?

Mindre yrkesmesse, meir sosialt. Det er bestillinga frå Ungdomsstyret i Ryfylke når RyRekrutt igjen går av stabelen på Fiskepiren i Stavanger 22. mars 2027. No inviterer ungdommane næringslivet til å bli med på ein kveld der gode møte kan bli starten på noko større.

Les meir