Kva skal til for å få på plass ny industri?

Ein fiberkabel mellom Suldal og England vart starten på noko større. I podkasten Bak Skyen deler Ketil Barkved erfaringar frå arbeidet med å leggja til rette for ny industri, og samarbeidet som må til for å få resultat i store prosjekt.

Bak skyen podkast
Foto: Bak skyen podkast

Ketil jobbar med næringsutvikling i Ryfylke IKS og var tidlegare dagleg leiar i New Kaupang. I samtale med podkastvertane Rolf Pedersen og Tore Svanes fortel han om fleire år med utviklingsarbeid i Rogaland, frå dei første moglegheitene til konkrete industrietableringar.

Frå fiberforbindelse til nye moglegheiter

Historia startar med NO-UK.com, fiberforbindelsen mellom Suldal og Newcastle. Denne skulle styrkja den digitale infrastrukturen og gi regionen ei direkte internasjonal fiberkopling. Samstundes opna arbeidet for eit større spørsmål: Korleis kunne Rogaland bruka krafta, infrastrukturen og industriarealet sitt til å trekkja til seg nye investeringar?

New Kaupang vart etablert for å finna og utvikla eigna industriområde og leggja til rette for infrastrukturen nye etableringar treng. Målet var å skapa grunnlag for arbeidsplassar og verdiskaping i regionen.

Mange må trekkja i same retning

Å få ny industri på plass krev at mange brikker fell på plass. Kraft, fiber og areal er viktige føresetnader. Grunneigarar, kommunar, nettselskap, styresmakter og investorar må også finna løysingar saman.

I episoden snakkar Ketil om utfordringane undervegs og kva det langsiktige arbeidet har ført til. Eitt av døma er Undheim i Time kommune, der Green Mountain no byggjer eit datasenter på 100 MW etter mange år med utviklingsarbeid.

Erfaringar å ta med vidare

For oss i Ryfylke IKS er samarbeid på tvers ein viktig del av næringsarbeidet. Me koplar kommunar, bedrifter og fagmiljø og bidreg til å finna vegar vidare for initiativ som treng fleire på laget.

Samtalen i Bak Skyen tek opp spørsmål som er relevante også for Ryfylke: Kva må vera på plass før ei verksemd vel å etablera seg? Korleis får ein ulike aktørar til å arbeida mot eit felles mål? Og kva kan andre kommunar og regionar læra av erfaringane frå Rogaland?

Fleire nyheiter

Har de vurdert trainee? No er tida inne for å ta ein prat!

Har verksemda di behov for ny kompetanse og friske perspektiv? Gjennom Trainee Ryfylke kan de tilsetja ein nyutdanna som bidreg i verksemda, og samtidig tilby eit regionalt utviklingsprogram med fagleg påfyll og nettverk. Det er framleis mogleg å bli med, og de treng ikkje ha alle svara klare før de…

Les meir
Portrettbilde

– Ryfylke IKS må våga å ta større plass

Ryfylke IKS må utfordra etablerte tankesett og ta ei tydelegare rolle i utviklinga av regionen. Det meiner dagleg leiar Ingrid Roth, som har store ambisjonar for framtida til Ryfylke.

Les meir
Deltakarar KI+MI

KI-verktøya er her. Har verksemda ein plan?

Nesodden kommune kartla nær 90 arbeidsprosessar før dei valde kvar dei skulle satsa. Kva bør di verksemd prioritera? Eit nytt leiarprogram i Ryfylke skal hjelpa leiarar og nøkkelpersonar med å setja retning for KI-arbeidet og byggja sitt eige vegkart.

Les meir