Konferanse

Ryfylkekonferansen MOR

Ryfylkekonferansen MOR er ein konferanse for alle som er opptekne av kompetanseutvikling og at læring gjeld heile livet.

Ryfylkekonferansen MOR 2024:

Kompetanse i ei ny tid – Kva for fortrinn kan kunstig intelligens gje arbeidslivet i Ryfylke?

Årets konferanse (den 9. i rekka) blir svært spennande! I år skal me setje kunstig intelligens (KI) som det overordna temaet og sjå nærmare på korleis me kan bruka KI i å styrkja Ryfylke.

Eksempel på spørsmål me vil svare ut:

  • Korleis kan næringslivet bruka KI til å bli enda betre?
  • Korleis kan KI vera ein ressurs i omsorg og velferd for eldre?
  • Kva rolle får KI for utvikling av attraktivitet og mobilitet i regionen vår? 
  • Kan KI spele ei rolle i integreringsarbeidet- og koss opplever innvandrarar Ryfylke?

KI kan forandre veldig mange av oppgåvene våre i framtida. Om fem år vil mange av våre oppgåver bli betrakteleg endra som eit resultat av utviklinga av kunstig intelligens.

Informasjon

Dato: 5. og 6. september 2024
Arrangør: Ryfylke IKS, Rogaland Fylkeskommune,
Næringsforeningen i Stavanger-regionen, Reisemål Ryfylke, Næringshagen i Ryfylke.
Stad: På Sand i Suldal (Suldal kulturhus)
Påmelding: Link til påmelding kjem her
Programleiar: Eli Nessa

Kontakt

Program

Torsdag 5.september

09:00 Registrering, kaffi/te og noko å bite i.
09.30 Velkommen til Ryfylke ved Ole Ueland, fylkesordførarar i Rogaland.

Bolk 1: KI – kva er det og korleis møter me den nye teknologien?

09.45 Generelt innlegg om KI, ved Anne-Kat. Hærland.
10.30 Vår mobilitet – kan KI endre måten me reiser på i Ryfylke? ved Trond Hovland, administrerande direktør  ITS Norway.
11.15 Pause.
11.45 KI – vil det bidra til ein god og lengre alderdom? ved Ishita Barua,
lege med doktorgrad innan kunstig intelligens i medisin.
12.30 Lunsj.
 

Bolk 2: KI – parallelle samlingar

13.15 Parallelle samlingar med diskusjon.
14.15 Parallelle samlingar med diskusjon.
15.15 Parallelle samlingar med diskusjon.

Parallelle seksjonar:

  • Kan digital tvilling og simulering bli eit viktig tema i samfunnsplanlegginga? ved Brynjar Andersen Saus, prosjektleiar Tromsø Arctic Simulation Centre (TASIC).
  • KI – hjelp eller trussel for læraren i skulen? ved Lisa Stornes, lektor ved Sauda vidaregåande skule. 
  • Kva nytte har Comrod av KI si produktutvikling? ved Jon Terje Aksland, produktsjef i Uni Micro.
  • Kan KI bidra til at unge vel Ryfylke? ved Aksel Braanen Sterri, Senter for langsiktig politikk.
16.15 Pause.
16.30 Samtale leia av Alf  Aadnøy, forretningsutviklar i Ryfylke Næringshage.
Panel:
  • Irene Heng Lauvsnes, rådordførar i Ryfylke.
  • Brynjar Andersen Saus
  • Aksel Braanen Sterri
  • Terese Ramsland, sekssjonsjef i Stavanger kommune IT og systemforvaltning  
17.15 Slutt.
19.30 Aperitiff.
20.00 Festmiddag på Kulturhuset med kulturinnslag og utdeling av MOR-prisen.
 
Fredag 6.september

Bolk 3: Det attraktive Ryfylke – koss framsnakka regionen?

09.00 Ver forberedt, vær tru mot eigen kultur og arbeid saman i
Ryfylke på reisa inn i ei ny tid, ved Ben Martin, Economics Practice Director at HKS inc.  
10.00 Kort samtale med:
  • Olav Lindseth, hotelleigar av Energihotellet og styreleiar i Reisemål Ryfylke.
  • Ingvild Erøy, leiar i Kakadu Ignite AS.
  • Ben Martin, Economics Practice Director at HKS inc.

Detbattleiar: Espen Rød Geelmuyden, rådgjevar Rogaland fylkeskommune.

10.30 Pause.      
 

Bolk 4: Innvandring styrkjer Ryfylke

11.00 Kva tenkjer våre nye landmenn og -kvinner om Ryfylke? ved Sabine Otto-Rød, samfunnsanalytikar i Ryfylke Prana. 
11.45 Etter og vidareutdanning – koss kompletterer me utdanninga til nye landmenn?  
12.05 Pause.
12.35 Kva er nasjonale trendar for integrering og attraktivitet? 
13.00 Samtale leia av Truls Nordahl, rådgjevar i NAV.
  • Iryna Krochuk, ved NAV Sauda/Suldal
  • Håvard Handeland, ordførar i Sauda  
  • Idar Tobias Heskestad, ved Norsk Spennbetong 
  • Bonolo Ramphomane-Aandahl, næringsdrivande og folkevald Suldal

13.45 Vegen vidare, ved Bjørn Wigdel, næringssjef i Strand kommune.

14.00 Lunsj og heimreise.
 

Foredragshaldarar

Meir informasjon om foredragshaldarar kjem snart.

Anne-Kat Hærland

Humorist og KI-ekspert.

Anne-Kat. Hærland er nok mest kjent som komikar mellom anna i Nytt på Nytt, men og at ho har fått den dystre diagnosen retinitis pigmentosa, ein augnesjukdom som truleg kjem til å gjere henne blind utover 50 åra. No engasjerer ho seg innanfor kunstig intelligens (KI) og har gjennom fleire foredrag og podkastar vist stor interesse og kunnskap på området.

Foto: Corinne Alice N. Skau / wickedHOUSE

Truls Nordahl

Rådgjevar innanfor personal og leiing i NAV.

Nordahl er i dag rådgjevar innanfor personal og leiing i NAV. Han var i mange år frittalande leiar for NAV Rogaland og før det mellom anna økonomisjef i Hjelmeland kommune. 

Inger Bråtveit

Forfattar, litteraturvitar, omsetjar, journalist og skrivelærar.

Inger Bråtveit frå Suldal debuterte i 2002 med romanen Munn mot ein frosen fjord. For romanen Siss og Unn vart ho i 2008 nominert til Kritikerprisen. Bråtveit har motteke fleire litterære prisar, mellom anna Nynorsk litteraturpris og Bjørnsonstipendet. Før sin litterære karriere hadde ho ein skarp og god penn i Sauldalsposten heilt sidan ho gjekk i ungdomsskulen.

Iryna Krochuc

Prosjektleiar for "Alle skal med", prosjekt ved NAV Suldal.

Krochuc kom til Noreg etter krisgutbrotet i Uranina. Ho er utdanna jurist og har tidlegare arbeidd som juridisk rådgivar. Dei siste to åra har ho vore tilsett som rettleiar i NAV Suldal med fokus på integrering og å hjelpe ukrainske flyktningar med økonomi, velferd og å finna jobb. No er ho prosjektleiar for “Alle skal med”.

Idar Tobias Heskestad

Dagleg leiar i Norsk Spennbetong AS.

Heskestad er utdanna sivilingeniør og er engasjert i ein rekke selskaper, mellom anna Norsk Spennbetong i Forsand. Der har dei over 80 tilsette med ulike nasjonalitetar, som jobbar for å skreddarsy element til oppdragsgivar sitt behov.

Therese Ramsland

Sekssjonsjef i Stavanger kommune IT og systemforvaltning.

Therese Ramsland er utdanna medievitar og er ansatt som seksjonssjef IT-systemforvalting og leiar for digital etikk i Stavanger kommune. Kommunen sitt samfunnsansvar for å ta vare på innbyggjarne sitt personvern og at menneske skal få leve det gode livet, er viktig i arbeidet hennar. Målet er at digitalisering skal skje i lys av lovlegheit, etikk og sikkerheit.

Espen Geelmuyden Rød

Rådgjevar Rogaland fylkeskommune.

Rød har doktorgrad og er samfunnsanalytikar med bakgrunn som demokrati- og fredsforskar. Ambisjonane hans er å bruka fagleg kunnskap, dataanalyse og forteljarkunst til å skapa gode samfunn. I dag arbeider han hjå Rogaland fylkeskommune som rådgjevar ved avdelinga for opplæring, seksjon regional kompetanse.

LinkedIn-profil til Espen Geelmuyden Rød

Jon Terje Aksland

Produktsjef i Uni Micro AS.

Jon Terje Aksland er produktsjef i Uni Micro AS, som er ein av Noregs leiande aktørar innan rekneskapssystem. Ved å bruke nytenkande og forsterka teknologi og på same tid ha lang erfaring i bransjen, kombinerer selskapet det beste frå begge verder.

LinkedIn-profil til Jon Terje Aksland

Irene Heng Lauvsnes

Rådsordførar i Ryfylke.

Irene Heng Lauvsnes er rådsordførar i Ryfylkerådet, ordførar i Strand kommune og vararepresentant på Stortinget for Høgre. Ho er utdanna ingeniør innan akvakultur og brenn for næringsutvikling i Ryfylke. Når ombodsrolla ikkje tek all tida hannar, jobbar ho som salsleiar i Skretting.

LinkedIn-profil til Irene Heng Lauvsnes

Alf Aadnøy

Forretningsutviklar i Ryfylke Næringshage.

Alf Aadnøy er forretningsutviklar og prosjektleiar i Næringshagen i Ryfylke. Han har lang erfaring frå bedriftsetablering og bedriftsutvikling, omstillingsarbeid, kvalitetssikring, design, IT, digitale prosessar og automatisering.

LinkedIn-profil til Alf Aadnøy

Håvard Handeland

Ordførar i Sauda.

Den yngste ordføraren i Norge tok plass i ordførarstolen hausten 2023. Akkurat ferdig med vidaregåande skule, har han tatt på seg oppgåva å leie det politiske arbeidet i heimkommunen.

LinkedIn-profilen til Håvard Handeland

Ishita Barua

Lege med doktorgrad innan kunstig intelligens i medisin.

Ishita Barua er lege og har doktorgrad i kunstig intelligens i medisin. Ho er ein premiert AI-forskar og har vore gjesteforskar ved Harvard Medical School. Ho er også kåra til ein av Noregs 50 fremste Tech-kvinner. Ho er forfattar av boka “Kunstig intelligens reddar liv – AI er dei nye superkreftene til legane”.

LinkedIn-profil til Ishita Barua

Brynjar Andersen Saus

Prosjektleiar for Tromsø Arctic Simulation Centre (TASIC) ved UiT.

Brynjar Andersen Saus er utdanna sivilingeniør og har bakgrunn frå politikken. I TASIC arbeider han mellom anna med simulering for forskingsformål og har den siste tida vore involvert i prosjekt relatert til digitale tvillingar både for teknologi- og samfunnsutvikling.

LinkedIn-profil til Brynjar Andersen Saus

Eli Nessa

Styreleiar i Pårørendesenteret og Ryfylkemuseet/universitetslektor ved UiS. 

Nessa har en mastergrad i dokumentarproduksjon frå Universitetet i Stavanger og ein B.A. i statsvitskap, i tillegg til årsstudium i journalistikk og videoproduksjon. Ho har sidan 2002 arbeidd i TV, radio og med filmproduksjon, og har lang erfaring både framføre og bak kameraet. I tillegg er ho styreleiar i Pårørendesenteret og Ryfylkemuseet.

LinkedIn-profil til Eli Nessa

Foto: Universitetet i Stavanger

Ole Ueland

Fylkesordførarar i Rogaland.

Ueland er ein erfaren politikar – han har vore ordførar i Sola kommune i åtte år, samt hatt sete i fylkestinget i fire og frå 2023 tok han plass som fylkesordførar i Rogaland fylkeskommune.

LinkedIn-profil til Ole Ueland

Foto: Rogaland fylkeskommune

Bonolo Ramphomane-Aandahl

Næringsdrivande og folkevald i Suldal.

Bonolo Ramphomane-Aandahl kom som innvandrar til Suldal i 2010 som sandvolleyball-trenar på den vidaregåande skulen i 2010. I dag er ho mellom anna dagleg leiar av Suldal Bad og driv serveringsstaden Brunsj på Sand. Ho har og engasjert seg i politikken i kommunen.

Bjørn Wigdel

Næringssjef i Strand kommune.

Bjørn har bakgrunn frå privat næringsliv og han har brei erfaring frå omstilling og endringsleiing. I over 25 år har han vore oppteken av å nytta moglegheitene som det digitale skiftet for å forbetra tenestetilbodet. Bjørn har leidd fleire digitaliseringsprosjekt både som prosjekteigar og prosjektleiar.

LinkedIn-profil til Bjørn Wigdel

Ingvild Erøy Prestårhus

Leiar i Kakadu Ignite AS.

Ingvild Erøy Prestårhus, er ein ung gründer frå Erfjord. Ho er utdanna innan media og kommunikasjon og driv mellom anna selskapet Kakadu AS som har som mål å bidra til reduksjon i digitalt utanforskap. Ho driv og Himom – som tilbyr unike overnattingsopplevingar på garden sin i Erfjord.

LinkedIn-profil til Ingvild Erøy

Lisa Jane Stornes

Lektor ved Sauda vidaregåande skule.

Lisa Jane Stornes er lektor ved Sauda vidaregåande skule og blei i 2023 kåra til årets nettpedagog. Ho har alltid hatt interesse for det digitale og er spesielt interessert i korleis ein kan bruka kunstig intelligens som verktøy i skulen.

LinkedIn-profil til Lisa Stornes

Aksel Braanen Sterri

Postdoktor ved Oslo Met.

Aksel Braanen Sterri er fagsjef i Langsikt og ansvarleg for analysane og politikkutviklinga til tankesmia. Han er utdanna statsvitar og filosof og har lenge arbeidd i skjeringspunktet mellom økonomi, politikk og etikk. Aksel har undervist i KI-etikk ved Harvard University, University of Oxford og Universitetet i Oslo.

Linkedin-profil til Aksel Braanen Sterri

Sitat frå deltakarar

“Nyttig og kjekk konferanse!”

“MOR-konferansen er ein utruleg viktig møteplass når samskaping er målet.”

“Viktig arena der sentrale folkevalde fekk innsyn og forståing for spørsmål konferansen sette lys på” 

“Mye viktig tematikk som bør følgjast opp med politiske tiltak.”

Særdeles vel gjennomført!

Positivt med god tid til å prate med andre deltakere. Middag torsdag kveld var veldig bra. Da fikk vi både god mat, utvikle nye bekjentskaper og lytte til Tønes.

«Viktig at Ryfylke kan stå sammen på denne måten for å løse felles utfordringer. Fortsett sånn!»

Mange gode og aktuelle innlegg!

Variert og flott program- bra jobba!

Tusen takk for en nyttig og inspirerende konferanse!!

Bra sammensatt program, spesielt dag 1 hadde god variasjon (men med en tydelig “rød tråd”) og ikke minst inspirerende.

“Godt planlagt og god regi på arrangementet”

Bra opplegg og god møteplass!