Ryfylkekonferansen 2026: Optimisme og modige satsingar

Ryfylkekonferansen 2026 nærmar seg! Bli med på to inspirerande dagar fylt med fagleg påfyll, nettverksbygging og gode samtalar om utvikling, næringsliv og framtida i Ryfylke. Sjå programmet og meld deg på via invitasjonen under.

Foto: Ryfylke IKS

Trøkk, vilje, fellesskap og nytenking. 9. og 10. november samlar Ryfylkekonferansen folk frå næringsliv, kommunar og organisasjonar til to dagar med aktuelle tema, gode møte og blikk på framtida i Ryfylke.

Korleis skaper me levande lokalsamfunn? Korleis sikrar me gode transportløysingar i ein region med fjordar, øyar og lange avstandar? Kva skal til for å utvikla landbruket, rekruttera folk og skapa nye arbeidsplassar?

Dette er nokre av spørsmåla som står på programmet når Ryfylkekonferansen 2026 går av stabelen 9. og 10. november.

Ryfylke sett frå fjorden

Første konferansedag startar på sjøen. Med Rygerelektra blir det øyhopping frå Sjernarøyane i nord til Rennesøy i sør.

Undervegs rettar me merksemda mot eit tema som betyr mykje for både folk og næringsliv i Ryfylke: kollektivtilbodet. Korleis skal me reisa i Ryfylke i framtida, og kva skal til for å sikra gode samband mellom lokalsamfunna våre og resten av regionen?

Turen går mellom anna innom Fogn, før dagen blir avslutta med festmiddag på Arena Utsyn. Her blir det mat frå Ryfylkekokken, utdeling av Pilt-Ola-prisen og ei Amerika-reise i ord, tonar, film og glimt i auga.

Frå landbruk til utdanning og nye satsingar

Dag to held konferansen fram med fleire tema som handlar om utvikling og moglegheiter i Ryfylke.

Her blir det mellom anna sett søkjelys på lønsamt landbruk, planane om matkultursenter på Utstein, RyhubX på Tau og utdanning for både unge og vaksne – «in the RyfylkeWay».

Felles for dei ulike temaa er spørsmålet om korleis me kan bruka ressursane, kompetansen og samarbeidskrafta i regionen til å skapa vidare utvikling.

Programmet er framleis under utvikling, og fleire detaljar kjem fram mot konferansen.

Ryfylkekonferansen 2026

9.–10. november

Konferansen kostar 2.500 kroner for begge dagar for medlemmar i Næringsforeningen eller Ryfylkealliansen (eks. mva.).

Medlemspris for berre måndag 9. november er 1.960 kroner, medan medlemspris for tysdag 10. november er 860 kroner. Andre prisar finn du ved påmelding.

Sjå detaljert program, informasjon om transport og påmelding på nettsidene til Næringsforeningen i Stavanger-regionen.

Fleire nyheiter

Bubil Ryfylke

Vil me ha folk til Ryfylke, må me visa fram jobbane som finst her

Mange ledige stillingar i Ryfylke blir berre publiserte på Finn. Då blir dei ikkje automatisk synlege på Heim te Ryfylke. No oppmodar me arbeidsgivarane om å ta eit enkelt grep: Publiser stillinga på NAV Arbeidsplassen også.

Les meir

Då New Kaupang starta, mangla Rogaland areal – no er fleire etableringar i gong

Etter fleire år med arbeid for å leggje til rette for kraftkrevjande industri i Rogaland, blir New Kaupang no lagt ned. Når selskapet avsluttar arbeidet, er situasjonen ein heilt annan enn då dei starta.

Les meir
Ungdomsstyret i Ryfylke

Ungdomsstyret i Ryfylke gir stafettpinnen vidare

Etter to år med engasjement, samarbeid og viktige initiativ for ungdom i regionen, takkar me no av ungdomsstyret i Ryfylke for perioden 2024–2026. Styret har vore ei viktig stemme for ungdom i Ryfylke og har bidrege til å setja ungdom sine behov og perspektiv på dagsorden.

Les meir