Utdanningstilbod hausten 2024

Fiskens anatomi, fysiologi og velferd

Dette kurset gir deg innsikt i fysiologien og tilpassingsevna til fisken i miljøet. Du vil lære om respirasjon, rørsle, osmoregulering, fordøying og sirkulasjon. Det blir òg fokus på fiskesjukdomar, immunrespons og velferdsindikatorar, med særleg vekt på atlantisk laks.
Mange laks svøm saman i eit havbruksanlegg. Foto.

Praktisk informasjon

Studiepoeng: 15
Startdato: Hausten 2024
Studieomfang: Deltid
Varigheit: Eitt semester
Undervisningsstad: Hjelmeland
Studieavgift: Ingen kursavgift

Søk her

Utdanninga passar for

Utdanninga passar for tilsette i havbruksnæringa, studentar som vil bygge vidare på emner med sikte på ein bachelorgrad og andre som vil ha meir kunnskap om havbruksnæringa.

Organisering

Undervisninga er samlingsbasert på Smaken av Ryfylke på Hjelmeland. 
Samlingsdatoar:

Torsdag 15. – fredag 16. august
Torsdag 12. – fredag 13. september
Torsdag 17. – fredag 18. oktober
Torsdag 14. – fredag 15. november

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realfagkompetanse.

Faginnhald

Dette kurset er delt i to delar, der  du i første del får innsikt i fysiologien og tilpassingsevna til fisken til miljøet. Du vil læra om generell anatomi og grunnleggjande tema som respirasjon og gassutveksling, rørsle og oppdrift, osmoregulering, fordøying, sirkulasjon, reproduksjon, nervesystem og sanseorgan.

I del to vil fokus vera på fiskesjukdom, immunrespons og fiskevelferd. Sentrale tema er velferdsindikatorar for oppdrettsfisk, førebuing og behandling av stress, og sjukdom og skader hos akvatiske organisme, med fokus på atlantisk laks.

Sjå emneplan for FØS8127 Fiskens anatomi, fysiologi og velferd på hvl.no.

Kven står bak utdannignstilbodet?

Kontaktinformasjon