Inger Bråtveit frå Suldal debuterte i 2002 med romanen Munn mot ein frosen fjord. For romanen Siss og Unn vart ho i 2008 nominert til Kritikerprisen. Bråtveit har motteke fleire litterære prisar, mellom anna Nynorsk litteraturpris og Bjørnsonstipendet. Før sin litterære karriere hadde ho ein skarp og god penn i Sauldalsposten heilt sidan ho gjekk i ungdomsskulen.