Utdanningstilbod hausten 2024

Grønt mangesysleri og entreprenørskap

Driv du med landbruk, jobbar du innan reiselivsbransjen eller har du erfaring som rådgivar i desse sektorane? Er du interessert i å utforska korleis gardsressursar kan utviklast på ein meir berekraftig måte? Då er dette studiet for deg.

Praktisk informasjon

Studiepoeng: 60
Startdato: Hausten 2024
Studieomfang: Deltid
Varigheit: Blir gjennomført over to år
Undervisningsstad: Fagskolen Rogaland/samlingsstad Ryfylke (meir info kjem)
Studentavgift: Ingen kursavgift
Søknadsfrist: Open fram til studiestart

Søk her

Utdanninga passar for

Utdanninga passar for deg som jobbar i eller har erfaring frå landbruket eller reiselivet. Eller for deg som er interessert i å utforska korleis gardsressursar kan utviklast på ein meir berekraftig måte.

Organisering

Studiet er modulbasert med samlingar i Ryfylke i lågsesongen (september-mars). Det vil seia at studenten følgjer undervisninga via opptak på nett utanom samlingsvekene. I samlingsvekene møtest studentane til undervisning. Det vil leggjast opp til tre samlingar per emne/modul, til saman 12 samlingar på to år.

Opptakskrav

Opptakskrav er anten relevant fagbrev, fullført og bestått vidaregåande opplæring innan naturbruk eller relevant arbeidserfaring.

Faginnhald

Meir informasjon om utdanninga

Kven står bak utdanningstilbodet?

Det er Fagskolen i Rogaland og Ryfylke IKS som står bak utdanninga. Innhaldet i utdanninga er basert på innspel frå landbruks- og reiselivsnæringa.

Bakgrunn

I det norske landbruket har ein alltid sett på samanhengen mellom ressursar, matproduksjon og busetjing. Allereie tidleg på 1800-talet hadde dei fleste fleire syslar som levegrunnlag, med både jordbruk, skogbruk, fiske, handverk og reiseliv. Av dette omgrepet “mangesysleri”. 

Landbruk er ei viktig næring i Ryfylke og den siste tida har det vore ein aukande produksjon av sider, vin og ost i regionen. Dette er næringar som ligg tett opp mot reiselivet. Det er derfor behov for meir kompetanse, både i forvaltninga og i produksjonen.

Formålet med denne utdanninga er å gi deg innsikt i potensielle moglegheiter og ressursar som eksisterer innanfor di eiga verksemd. Både regionale og lokale behov vil bli vektlagde, og etter fullført studium skal du vita korleis du kan få meir utbytta av råvarene du allereie har. 

Kontaktinformasjon