Kartlegging av framtidige næringsareal i Hjelmeland

Hjelmeland kommune er i gang med å rullere kommuneplanens arealdel. Som del av arbeidet blir det no gjennomført ei kartlegging av eigna areal for framtidig nærings- og industriverksemd.

Dronebilde av Årdal som viser industriområde.

Kartleggingsarbeidet blir leia av Ryfylke IKS/New Kaupang i samarbeid med kommunen og lokalt næringsliv.

Viktig å vere i forkant

– Skal me vere attraktive for etableringar i framtida, må me ha oversikt over kva areal som faktisk kan utviklast. Difor gjer me no ein grundig kartlegging, seier Ketil Barkved i Ryfylke IKS.

Han peikar på at prosjektet vurderer ei rekkje faktorar: arealstorleik, reguleringsstatus, energitilgang, vatn og avløp, logistikk og moglegheiter for sirkulære løysingar.

– Det handlar ikkje berre om å finne tomter, men å sikre at dei er framtidsretta og tilpassa behova næringslivet har, understrekar Barkved.

Foto: Ketil Barkved

Innspel frå næringslivet

Arbeidet blir organisert som eit prosjekt i tett dialog med næringslivet i Hjelmeland. – Me ønskjer å høyre frå bedriftene: Kva treng dei for å kunne vekse vidare, og kva kan gjere kommunen meir attraktiv for nye etableringar? Det er viktig at næringslivet sjølv får vere med og påverke, seier Barkved.

Frist for innspel

Prosjektet skal munne ut i konkrete forslag til areal som kan innarbeidast i den nye arealdelen av kommuneplanen – både på land, i sjø og i fjell.

Fristen for å kome med innspel er 10. desember 2025.

Send innspel til kommuneplanen på Hjelmeland kommune si nettside

Fleire nyheiter

Har de vurdert trainee? No er tida inne for å ta ein prat!

Har verksemda di behov for ny kompetanse og friske perspektiv? Gjennom Trainee Ryfylke kan de tilsetja ein nyutdanna som bidreg i verksemda, og samtidig tilby eit regionalt utviklingsprogram med fagleg påfyll og nettverk. Det er framleis mogleg å bli med, og de treng ikkje ha alle svara klare før de…

Les meir
Portrettbilde

– Ryfylke IKS må våga å ta større plass

Ryfylke IKS må utfordra etablerte tankesett og ta ei tydelegare rolle i utviklinga av regionen. Det meiner dagleg leiar Ingrid Roth, som har store ambisjonar for framtida til Ryfylke.

Les meir
Deltakarar KI+MI

KI-verktøya er her. Har verksemda ein plan?

Nesodden kommune kartla nær 90 arbeidsprosessar før dei valde kvar dei skulle satsa. Kva bør di verksemd prioritera? Eit nytt leiarprogram i Ryfylke skal hjelpa leiarar og nøkkelpersonar med å setja retning for KI-arbeidet og byggja sitt eige vegkart.

Les meir