Ketil jobbar med næringsutvikling i Ryfylke IKS og var tidlegare dagleg leiar i New Kaupang. I samtale med podkastvertane Rolf Pedersen og Tore Svanes fortel han om fleire år med utviklingsarbeid i Rogaland, frå dei første moglegheitene til konkrete industrietableringar.
Frå fiberforbindelse til nye moglegheiter
Historia startar med NO-UK.com, fiberforbindelsen mellom Suldal og Newcastle. Denne skulle styrkja den digitale infrastrukturen og gi regionen ei direkte internasjonal fiberkopling. Samstundes opna arbeidet for eit større spørsmål: Korleis kunne Rogaland bruka krafta, infrastrukturen og industriarealet sitt til å trekkja til seg nye investeringar?
New Kaupang vart etablert for å finna og utvikla eigna industriområde og leggja til rette for infrastrukturen nye etableringar treng. Målet var å skapa grunnlag for arbeidsplassar og verdiskaping i regionen.
Mange må trekkja i same retning
Å få ny industri på plass krev at mange brikker fell på plass. Kraft, fiber og areal er viktige føresetnader. Grunneigarar, kommunar, nettselskap, styresmakter og investorar må også finna løysingar saman.
I episoden snakkar Ketil om utfordringane undervegs og kva det langsiktige arbeidet har ført til. Eitt av døma er Undheim i Time kommune, der Green Mountain no byggjer eit datasenter på 100 MW etter mange år med utviklingsarbeid.
Erfaringar å ta med vidare
For oss i Ryfylke IKS er samarbeid på tvers ein viktig del av næringsarbeidet. Me koplar kommunar, bedrifter og fagmiljø og bidreg til å finna vegar vidare for initiativ som treng fleire på laget.
Samtalen i Bak Skyen tek opp spørsmål som er relevante også for Ryfylke: Kva må vera på plass før ei verksemd vel å etablera seg? Korleis får ein ulike aktørar til å arbeida mot eit felles mål? Og kva kan andre kommunar og regionar læra av erfaringane frå Rogaland?



