Utdanningstilbod hausten 2024
Miljøvitskap i havbruksnæringa
Praktisk informasjon
Studiepoeng: 15
Startdato: Hausten 2024
Studieomfang: Deltid
Varigheit: Eitt semester
Undervisningsstad: Hjelmeland
Studieavgift: Ingen kursavgift
Utdanninga passar for
Utdanninga passar for tilsette i havbruksnæringa, studentar som vil bygge vidare på emner med sikte på ein bachelorgrad og andre som vil ha meir kunnskap om havbruksnæringa.
Organisering
Undervisninga er samlingsbasert på Smaken av Ryfylke på Hjelmeland.
Samlingsdatoar:
Torsdag 29. – fredag 30. august
Torsdag 26. – fredag 27. september
Torsdag 24. – fredag 25. oktober
Torsdag 21. – fredag 22. november
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realfagkompetanse.
Faginnhald
Sjå emneplan for FØS8118 Miljøvitenskap i havbruksnæringen på hvl.no.
Kven står bak utdannignstilbodet?
Denne vidareutdanninga er eit samarbeidsprosjekt mellom Høgskulen på Vestlandet, Ryfylke IKS og aktørar frå næringa: Grieg Seafood ASA, Bremnes Seashore AS, Sterling White Halibut AS, Mowi, Tytlandsvik Aqua, Fister Smolt og Årdal Aqua.
Kontaktinformasjon
Einar Schibevaag
einar@ryfylkeiks.no
913 08 972