Kven fortener MOR-prisen i 2025?

Mange fortener takk for at dei bidreg til at fleire får tilrettelagde utdanningar i Ryfylke, der studenten kan bu heime i studietida.

Ryfylke

MOR-prisen er delt ut i mange år. Mellom anna har NAV Strand og Eramet Sauda fått prisen tidlegare for å vere pådrivarar og motivatorar, slik at fleire tek etter- og vidareutdanning.

No kan du kome med framlegg til kven som skal få prisen for 2025, som vil bli delt ut under RyRekrutt
15. april på Fiskepiren – den største nettverks- og rekrutteringsfesten for Ryfylke.

Send framlegget ditt på e-post til einar@ryfylkeiks.no før 01.03.2025.


Bildet er fra då Tytlandsvik Aqua vant prisen for 2024.


Fleire nyheiter

Då New Kaupang starta, mangla Rogaland areal – no er fleire etableringar i gong

Etter fleire år med arbeid for å leggje til rette for kraftkrevjande industri i Rogaland, blir New Kaupang no lagt ned. Når selskapet avsluttar arbeidet, er situasjonen ein heilt annan enn då dei starta.

Les meir

Bli med på Ryfylkekonferansen!

Ryfylkekonferansen 2026 nærmar seg! Bli med på to inspirerande dagar fylt med fagleg påfyll, nettverksbygging og gode samtalar om utvikling, næringsliv og framtida i Ryfylke. Sjå programmet og meld deg på via invitasjonen under.

Les meir
Ungdomsstyret i Ryfylke

Ungdomsstyret i Ryfylke gir stafettpinnen vidare

Etter to år med engasjement, samarbeid og viktige initiativ for ungdom i regionen, takkar me no av ungdomsstyret i Ryfylke for perioden 2024–2026. Styret har vore ei viktig stemme for ungdom i Ryfylke og har bidrege til å setja ungdom sine behov og perspektiv på dagsorden.

Les meir