Skal gjera det lettare å halda kontakten med Ryfylke
Heim te Ryfylke er ein digital møteplass for alle som ønskjer å halda kontakten med Ryfylke. Her finn brukarane ledige stillingar, sommarjobbar, arrangement og annan relevant informasjon frå heile regionen samla på éin plass.
Brukarane kan oppretta profil, leggja inn CV og få varsel når nye moglegheiter dukkar opp. Målet er å gjera det enklare å halda seg oppdatert på det som skjer i Ryfylke – uansett om ein bur i regionen, studerer ein annan stad eller vurderer å flytta heim.
– Me veit at mange ungdommar ønskjer å flytta heim igjen ein dag, men at dei ofte manglar oversikt over moglegheitene som finst. Heim te Ryfylke skal gjera det enklare å oppdaga både arbeidsplassar, nettverk og karrieremoglegheiter i regionen, seier prosjektleiar Janet Jørmeland.
– Me ønskjer å samla moglegheitene i Ryfylke på éin plass. Alle som er interesserte i jobb, karriere eller framtid i Ryfylke bør registrera seg på Heim te Ryfylke, seier ho.
Utvikla på intiativ frå ungdom
Heim te Ryfylke er utvikla på initiativ frå Ungdomsstyret i Ryfylke. Prosjektet er laga for ungdom, med mål om å styrkja kontakten mellom unge, utdanning og arbeidsliv i regionen.
På lanseringsdagane fekk elevane informasjon om den nye plattforma og høve til å registrera seg direkte på mobilen. Mange nytta sjansen til å oppretta profil der og då, og engasjementet var stort på begge skulane.
Dei som registrerte seg var med i trekninga av premiar frå lokale sponsorar, noko som bidrog til god stemning og stort engasjement.
Ei investering i framtidig rekruttering
Heim te Ryfylke er ein del av Ryfylke IKS sitt arbeid med rekruttering, kompetanse og framtidig verdiskaping i regionen. Ved å etablera kontakt med ungdom tidleg ønskjer Ryfylke IKS å leggja til rette for at fleire får kjennskap til karrieremoglegheitene som finst i regionen. Lanseringa viser at interessa er stor, og at mange unge ønskjer å halda kontakten med Ryfylke gjennom studietid og inn i arbeidslivet.
– Skal me lukkast med å sikra framtidig kompetanse i Ryfylke, må me byggja relasjonar lenge før dei unge er klare for arbeidsmarknaden. Responsen på lanseringa viser at dette er noko ungdommane ønskjer, seier Jørmeland.
Portalen skal veksa vidare gjennom året
Dei første registreringane er berre starten. Gjennom sommaren og hausten skal Heim te Ryfylke vidareutviklast med meir informasjon, arrangement, bedriftsprofilar, karrierehistorier og annan relevant informasjon frå regionen.
Ryfylke IKS arbeider kontinuerleg med å kopla på nye kjelder og samarbeidspartnarar for å gjera plattforma stadig meir relevant og oppdatert. Målet er å samla mest mogleg informasjon om jobbmoglegheiter, arbeidsliv, utdanning, arrangement og aktivitetar i Ryfylke på éin plass.
Ambisjonen er at Heim te Ryfylke skal bli den mest komplette digitale møteplassen for alle som ønskjer å studera, arbeida eller flytta til Ryfylke. Ved å samla informasjon frå heile regionen skal plattforma gjera det enklare å oppdaga moglegheitene som finst – både for ungdom, arbeidssøkjarar og bedrifter.
For bedrifter i Ryfylke representerer Heim te Ryfylke ei unik moglegheit til å nå framtidas arbeidstakarar. Allereie dei første dagane registrerte nær 300 ungdommar seg på plattforma. Bedrifter som ønskjer å synleggjera seg kan møta målgruppa på ein stad der dei faktisk er.
Ønskjer di bedrift å vera synleg på Heim te Ryfylke? Ta kontakt med prosjektleiar Janet Jørmeland på janet@ryfylkeiks.no.



