Ny digital satsing skal få fleire heim til Ryfylke

Ryfylke IKS jobbar no vidare med prosjektet Heim te Ryfylke. Målet er å lage ein felles digital plattform som samlar alt du treng å vite for å flytte til, bu og jobbe i Ryfylke.

Foto: Deltakarar på workshop står oppstilt og smilar. Prosjektleiar held ei kake med kakelys i handa.

Heim te Ryfylke tek fart

Prosjektet Heim te Ryfylke er inne i ein ny og spennande fase. I oktober samla Ryfylke IKS representantar frå kommunar og næringsliv til workshop for å arbeide vidare med korleis Ryfylke kan bli ein meir attraktiv stad å leve, jobbe og høyre til.

Målet er å utvikle ein felles digital plattform som viser fram moglegheitene i regionen – frå jobbar og bustader til møteplassar og kvardagsliv. Løysinga skal bli eit felles verktøy for kommunar og næringsliv – eit hjelpemiddel i arbeidet med å rekruttere og halde på kompetent arbeidskraft.

Advania og Hike er samarbeidspartnarar

Workshopen markerte eit viktig steg vidare i prosjektet. Advania, i samarbeid med Hike kommunikasjon, er valt som langsiktig partnar i satsinga. Saman kombinerer dei solid teknologikompetanse, sterk design- og kommunikasjonskraft og dokumentert erfaring frå liknande prosjekt.

Advania leia prosessen under workshopen, der deltakarane diskuterte korleis plattforma best kan støtte arbeidet med rekruttering og tilflytting.


Eit felles løft for Ryfylke

Gjennom tre workshopar det siste året har deltakarane kartlagt behov, utfordringar og idear for korleis regionen kan stå sterkare i arbeidet med å rekruttere og halde på unge vaksne. Eit klart ønskje har vore å samle all informasjon om bustadar, jobbar og lokalsamfunn på ein stad – slik at det blir enklare å oppdage moglegheitene i Ryfylke.


Vidare arbeid og medverknad

Neste steg er å utvikle struktur og design for plattforma saman med Advania og Hike. Kommunar, næringsliv og Ungdomsstyret i Ryfylke blir aktivt involvert i utviklingsfasen. Målet er å skape ei plattform som både samlar og styrkjer regionen – og gjer Ryfylke til ein stad der fleire ønskjer å leve, jobbe og høyre til.

Fleire nyheiter

Bli med på Ryfylkekonferansen!

Ryfylkekonferansen 2026 nærmar seg! Bli med på to inspirerande dagar fylt med fagleg påfyll, nettverksbygging og gode samtalar om utvikling, næringsliv og framtida i Ryfylke. Sjå programmet og meld deg på via invitasjonen under.

Les meir
Ungdomsstyret i Ryfylke

Ungdomsstyret i Ryfylke gir stafettpinnen vidare

Etter to år med engasjement, samarbeid og viktige initiativ for ungdom i regionen, takkar me no av ungdomsstyret i Ryfylke for perioden 2024–2026. Styret har vore ei viktig stemme for ungdom i Ryfylke og har bidrege til å setja ungdom sine behov og perspektiv på dagsorden.

Les meir

Nær 300 ungdommar registrerte seg då Heim te Ryfylke vart lansert

Lanseringa av Heim te Ryfylke har fått ein sterk start. Etter besøk ved Strand vidaregåande skule og Sauda vidaregåande skule har nær 300 ungdommar registrert seg på plattforma.

Les meir