Ryfylke IKS sin visuelle profil
Profilhandbok
Manualen inneheld alle elementa i den visuelle profilen, saman med tilhøyrande retningslinjer og forklaringar. Det er viktig å følgje desse nøye for å oppretthalde ein gjennomgåande bruk av profilen. Konsekvent bruk av profilen bidrar til å skape eit einskapleg uttrykk som styrkar identiteten til fylkeskommunen.
1. Logo
Logoen til Ryfylke IKS består av namnet og det tilhøyrande symbolet. Logoen er tilgjengeleg i både vertikal og horisontal versjon. Den vertikale versjonen skal brukast på flater der hovudlogoen ikkje har tilstrekkeleg plass.
Dette er dei einaste godkjende kombinasjonane av symbolet og namnet. Det er ikkje tillate å endre eller forskyve forholdet mellom desse elementa.
Du finn dei ulike versjonane av logoen og retningslinjene for bruk av dei i denne profilhandboka.
1.1 Logo – plassering og størrelse
Det er viktig å sikre at det alltid er tilstrekkeleg med luft rundt logoen for å oppretthalde klarleik og lesbarheit. Minste mengde luft som skal vere rundt logoen, er definert av høgda på «K»-symbolet i logoen. Dette betyr at avstanden frå logoen til nærliggjande element må vere minst like stor som høgda på «K»-symbolet. Denne regelen sørgjer for at logoen ikkje blir visuelt overvelda av andre designelement.
Du kan alltid gi logoen meir luft rundt seg enn dette minimumskravet, noko som kan bidra til å forsterke inntrykket av logoen i designet. Men under ingen omstende skal logoen ha mindre luft rundt seg enn den fastsette minimumsmengda.
Logoen bør plasserast i eit område av designet som er visuelt roleg og utan forstyrrande element, slik at den står tydeleg fram og ikkje druknar i omgivnadene. Dette er spesielt viktig for å sikre at logoen opprettheld sitt estetiske uttrykk og gjenkjennelegheit.
1.2 Logo – proposisjoner og fargar
Proporsjonar:
Logoen må aldri bli strekt eller pressa slik at den mister sine opphavlege proporsjonar. Når du endrar storleiken på logoen, pass på å halde forholdet mellom breidd og høgde konstant for å bevare den visuelle integriteten.
Fargar:
Det er viktig å alltid bruke dei autoriserte fargane for logoen. Unngå å bruke uautoriserte fargar som kan endre eller forringe det visuelle uttrykket. Dei autoriserte fargane er valde for å sikre at logoen ser profesjonell og konsekvent ut i alle samanhengar.
Ved å følge desse retningslinjene sikrar vi at logoen alltid framstår på ein profesjonell og gjenkjenneleg måte, og bevarer sitt visuelle uttrykk og identitet.
2. Farger
Ryfylke IKS har definert fem hovudfargar som representerer vår visuelle identitet. Desse fargane er nøye utvalde for å spegle våre verdiar og sikre eit sterkt og gjenkjenneleg visuelt uttrykk.
Kombinasjonane av hovudfargane er utvikla for å gi fleksibilitet i designen, samstundes som dei bevarer ein gjennomgåande stil. Dei ulike kombinasjonane og korleis dei skal brukast, er detaljert skildra i denne profilhandboka.
Blå
Grønn
Rød
Gul
Sort
3. Fontar
Ryfylke IKS sin hovudfont er Acto. Denne skrifttypen skal brukast på alle flater der det er mogleg for å sikre eit einskapleg og profesjonelt uttrykk.
På flater der Acto ikkje er tilgjengeleg, som i Outlook, PowerPoint eller Word, skal tilleggsfonten Aptos nyttast. Aptos er ein del av Office-pakken og sikrar eit konsekvent utseende på dei flater som brukar denne programvara.
Hovudfont: Acto
Acto kan nyttas i variantane Regular, Medium, SemiBold, og Bold
Tilleggsfont: Aptos
Aptos kan nyttas i variantane Light, Regular, SemiBold, og Bold
4. Grafisk element
Grafiske element er essensielle for å formidle Ryfylke IKS sin visuelle identitet. Dei bidreg til å skape eit gjenkjenneleg og konsekvent uttrykk på tvers av ulike medium. Denne delen av profilmanualen gir retningslinjer for korrekt bruk av grafiske element for å oppretthalde merkevareintegriteten.
4.1 Byggeklosser
Desse byggjeklossane er element frå logoen som kan brukast enkeltvis i kommunikasjonen for å støtte opp under informasjonen og det visuelle uttrykket. Desse elementa skal ikkje brukast på den måten dei er vist i kombinasjonen under; dei er berre illustrerte slik for å vise dei individuelle elementa.
4.2 Alfabet
Ryfylke IKS har utvikla sitt eige alfabet basert på logoen. Dette alfabetet kan brukast i ulike presentasjonar av Ryfylke, til dømes i grafisk materiale og kommunikasjon. Det er viktig å ikkje plassere dette alfabetet for tett opp mot logoen, då kan logoen miste sin identitet og tydelegheit.
5. Malar
For å sikre ein konsekvent og profesjonell visuell identitet på tvers av våre interne og eksterne kommunikasjonar, har Ryfylke IKS utvikla spesifikke Office-malar. Desse malane er laga for å gjere det enkelt å utforme dokument og presentasjonar som følgjer våre retningslinjer for visuell profil. Ved å bruke desse malane sikrar vi at alle våre kommunikasjonar framstår einheitlege og i tråd med vår merkevare.
5.1 PowerPoint mal
Det er to ulike PowerPoint-malar tilgjengelege. Ein med kvit bakgrunn og ein med svart bakgrunn.
5.2 Word mal
Det er to ulike Word malar tilgjengelege. Forskjellen er berre at den eine har ei innhaldsforteikning som vert oppdatert automatisk. Hugs å nytte stilen “Overskrift 2” for dei avsnitta som skal visast i innhaldsforteikninga.
Kontaktinformasjon
Nina Fjellskaalnes