Ryfylke IKS sin visuelle profil

Profilhandbok

Ryfylke IKS skal framstå tydeleg og einskapleg på alle kommunikasjonsplattformer. Den visuelle profilen er utforma for å fremje effektiv kommunikasjon, og alle grafiske element er utvikla slik at dei er tydelege både på digitale og trykte medium. Denne manualen fungerer som ein rettleiar for å sikre at profilen blir brukt konsekvent, både internt og eksternt.

Manualen inneheld alle elementa i den visuelle profilen, saman med tilhøyrande retningslinjer og forklaringar. Det er viktig å følgje desse nøye for å oppretthalde ein gjennomgåande bruk av profilen. Konsekvent bruk av profilen bidrar til å skape eit einskapleg uttrykk som styrkar identiteten til fylkeskommunen.

2. Farger

Ryfylke IKS har definert fem hovudfargar som representerer vår visuelle identitet. Desse fargane er nøye utvalde for å spegle våre verdiar og sikre eit sterkt og gjenkjenneleg visuelt uttrykk.

Kombinasjonane av hovudfargane er utvikla for å gi fleksibilitet i designen, samstundes som dei bevarer ein gjennomgåande stil. Dei ulike kombinasjonane og korleis dei skal brukast, er detaljert skildra i denne profilhandboka.

HEX: #80B9DD ( 50%)
HEX: #BAD8EB ( 30%)
HEX: #E5F1F8 ( 10%)

Blå

CMYK: 99 39 0 0
RGB: 0 116 180
HEX: #0070BA
HEX: #ABD6A2 ( 50%)
HEX: #C1E6CF ( 30%)
HEX: #EEF7EC ( 10%)

Grønn

CMYK: 68 0 87 0
RGB: 89 174 89
HEX: #56AD45
HEX: #F38B8B ( 50%)
HEX: #F5BDBE ( 30%)
HEX: #FDE7E7 ( 10%)

Rød

CMYK: 0 95 100 0
RGB: 214 44 46
HEX: #E71617
HEX: #FFE580 ( 50%)
HEX: #FDEFB2 ( 30%)
HEX: #FFFAE5 ( 10%)

Gul

CMYK: 0 14 100 0
RGB: 249 205 0
HEX: #FFCB00
HEX: #464748 ( 86%)
HEX: #BCBDC0 ( 30%)
HEX: #E7E7E8 ( 10%)

Sort

CMYK: 0 0 0 100
RGB: 35 31 32
HEX: #231f20

3. Fontar

Ryfylke IKS sin hovudfont er Acto. Denne skrifttypen skal brukast på alle flater der det er mogleg for å sikre eit einskapleg og profesjonelt uttrykk.

På flater der Acto ikkje er tilgjengeleg, som i Outlook, PowerPoint eller Word, skal tilleggsfonten Aptos nyttast. Aptos er ein del av Office-pakken og sikrar eit konsekvent utseende på dei flater som brukar denne programvara.

Hovudfont: Acto

Acto kan nyttas i variantane Regular, Medium, SemiBold, og Bold

Tilleggsfont: Aptos

Aptos kan nyttas i variantane Light, Regular, SemiBold, og Bold

4. Grafisk element

Grafiske element er essensielle for å formidle Ryfylke IKS sin visuelle identitet. Dei bidreg til å skape eit gjenkjenneleg og konsekvent uttrykk på tvers av ulike medium. Denne delen av profilmanualen gir retningslinjer for korrekt bruk av grafiske element for å oppretthalde merkevareintegriteten.

4.1 Byggeklosser

Desse byggjeklossane er element frå logoen som kan brukast enkeltvis i kommunikasjonen for å støtte opp under informasjonen og det visuelle uttrykket. Desse elementa skal ikkje brukast på den måten dei er vist i kombinasjonen under; dei er berre illustrerte slik for å vise dei individuelle elementa.

Last ned byggeklosser

4.2 Alfabet

Ryfylke IKS har utvikla sitt eige alfabet basert på logoen. Dette alfabetet kan brukast i ulike presentasjonar av Ryfylke, til dømes i grafisk materiale og kommunikasjon. Det er viktig å ikkje plassere dette alfabetet for tett opp mot logoen, då kan logoen miste sin identitet og tydelegheit.

Last ned alle bokstaver

5. Malar

For å sikre ein konsekvent og profesjonell visuell identitet på tvers av våre interne og eksterne kommunikasjonar, har Ryfylke IKS utvikla spesifikke Office-malar. Desse malane er laga for å gjere det enkelt å utforme dokument og presentasjonar som følgjer våre retningslinjer for visuell profil. Ved å bruke desse malane sikrar vi at alle våre kommunikasjonar framstår einheitlege og i tråd med vår merkevare.

5.1 PowerPoint mal

Det er to ulike PowerPoint-malar tilgjengelege. Ein med kvit bakgrunn og ein med svart bakgrunn.

Tittellysbilete - kvit
Innhaldslysbilete kun tekst - kvit
Innhaldslysbilete tekst og bilete - kvit
Tittellysbilete - sort
Innhaldslysbilete kun tekst - sort
Innhaldslysbilete tekst og bilete - sort
Last ned PowerPoint malLast ned PowerPoint mal (sort)

5.2 Word mal

Det er to ulike Word malar tilgjengelege. Forskjellen er berre at den eine har ei innhaldsforteikning som vert oppdatert automatisk. Hugs å nytte stilen “Overskrift 2” for dei avsnitta som skal visast i innhaldsforteikninga.

Framside
Side 2 med innhaldsforteikning
Innhaldsside
Innhaldsside med infoboks
Last ned word malLast ned Word mal med innhaldsforteikning

Kontaktinformasjon

Nina Fjellskaalnes

nina@ryfylkeiks.no
415 54 406