Ryfylke deltek på AquaNext 2024

AquaNext blir arrangert 11.-13. juni 2024 i Stavanger Forum. Arrangementet er ein møteplass der oppdrettarar, leverandørar, politikarar og forvaltning samlast for å sette dagsorden for ei berekraftig utvikling innan akvakultur.

Illustrerande bilete til havbruksnæringa.
Foto: Aqua Next

AquaNext er både ein konferanse og ei utstilling som vil samle sentrale aktørar i akvakulturnæringa globalt og nasjonalt. Det er venta 8000 personar her frå havbruksnæringa, som er ei av dei viktigaste næringane i Ryfylke. På utstillinga blir det presentert det nyaste innan teknologi, løysingar og prosessar. Det vil vera eit mangfald av konferansar og seminar med deltaking frå heile næringa.

I Ryfylke blir det skapt store verdiar og havbruk er den nest største næringa – berre kraftproduksjon er større. Skal oppdrettsnæringa utvikla seg vidare er ny og framtidsretta kompetanse avgjerande.

Blå kompetanse – felles stand for Ryfylke

Ryfylke IKS skal delta på AquaNext med felles stand saman med Høgskulen på Vestlandet, Fagskolen i Rogaland og Strand vidaregåande skule. Saman skal aktørane visa at Ryfylke er ein viktig og stor region innan akvakultur og at det er ei felles satsing for å løfta kompetansen i havbruksnæringa.

Les meir om utdanningstilbod i Ryfylke.

Les meir om AquaNext 2024 på aquanext.no