Ryfylke har fått nye sjukepleiarar

Sjukepleiarstudentane frå fleksibel og distriktsvenleg sjukepleiarutdanning i Ryfylke har fullført.

Nyutdanna sjukepleiarstudentar frå Ryfylke.Foto.

Hausten 2022 starta fleire forventningsfulle studentar på den fleksible og distriktsvenlege sjukepleiarutdanninga i Ryfylke. Utdanninga er eit samarbeid mellom Universitetet i Stavanger (UiS), Ryfylke IKS og kommunane i Ryfylke.

Onsdag 19.juni blei fullført utdanning markert med ei høgtideleg avslutning i lokala til Smaken av Ryfylke på Hjelmeland.

Prosjektleiar Marie Undheim, leia markeringa, som inneheldt både talar, helsingar og flotte musikkinnslag. Studieprogramleiar Torunn Strømme, representantar frå Ryfylke IKS og fleire kommunar frå Ryfylke heldt helsingar til studentane. Prorektor ved UiS, Bjørg Oftedal, stod for festtalen. Det blei sagt mykje fint om studentane, som no går ut i arbeidslivet som ferdigutdanna og etterlengta sjukepleiarar i Ryfylke.

Studentane sjølve fortalde at studietida har vore krevjande, med mykje hardt arbeid og ei balansegang mellom studiar, familie, jobb og fritid.

Vi gratulerer med fullført utdanning og ønskjer dei lukke til i yrkeslivet. Som Bjørg Oftedal avslutta talen sin med: GOD VAKT!

Fleire nyheiter

Har de vurdert trainee? No er tida inne for å ta ein prat!

Har verksemda di behov for ny kompetanse og friske perspektiv? Gjennom Trainee Ryfylke kan de tilsetja ein nyutdanna som bidreg i verksemda, og samtidig tilby eit regionalt utviklingsprogram med fagleg påfyll og nettverk. Det er framleis mogleg å bli med, og de treng ikkje ha alle svara klare før de…

Les meir
Portrettbilde

– Ryfylke IKS må våga å ta større plass

Ryfylke IKS må utfordra etablerte tankesett og ta ei tydelegare rolle i utviklinga av regionen. Det meiner dagleg leiar Ingrid Roth, som har store ambisjonar for framtida til Ryfylke.

Les meir
Deltakarar KI+MI

KI-verktøya er her. Har verksemda ein plan?

Nesodden kommune kartla nær 90 arbeidsprosessar før dei valde kvar dei skulle satsa. Kva bør di verksemd prioritera? Eit nytt leiarprogram i Ryfylke skal hjelpa leiarar og nøkkelpersonar med å setja retning for KI-arbeidet og byggja sitt eige vegkart.

Les meir