Ryfylke utdanningssenter søkjer dagleg leiar

Ryfylke utdanningssenter IKS søkjer ein engasjert og utviklingsorientert dagleg leiar som vil vere med å byggje opp og vidareutvikle senteret som ein viktig aktør for kompetanseutvikling i Ryfylke-regionen.

Foto: fjord og fjell i høstdrakt i Ryfylke
Foto: Jan Nordtveit

Om stillinga

Ryfylke utdanningssenter IKS er eit nystarta interkommunalt selskap som skal leggje til rette for desentralisert og fleksibel utdanning innan fagskule og høgare utdanning i Ryfylke.

Arbeidslivet i regionen har eigne behov for kompetanse, og utdanningssenteret skal bidra til å møte desse behova ved å tilretteleggje for relevant utdanning og kompetanseheving. Viktige arbeidsoppgåver er òg å mekle fram utdanningstilbod i kontakt med tilbydarar av utdanning, og på den måten kople tilbod og etterspurnad. I tillegg skal senteret vere ein lokal møteplass for utdanning, med støtte til studentane både fagleg og sosialt.

Ryfylke utdanningssenter IKS søkjer ein engasjert og utviklingsorientert dagleg leiar som vil vere med på å byggje opp og vidareutvikle senteret som ein viktig aktør for kompetanseutvikling i Ryfylke-regionen. Stillinga kombinerer fagleg arbeid og strategisk leiing, noko som inneber at du i tillegg til dagleg drift òg vil arbeide med rådgjeving og utviklingsprosjekt knytte til utdanningstilbod i regionen. Som dagleg leiar har du ansvar for framdrift og strategi, personalleiing og utvikling av utdanningstilbod i tett samarbeid med kommunar, næringsliv og utdanningsaktørar.

Stillinga har kontorstad på Hjelmeland, men inneber utadretta arbeid i heile Ryfylke – og du kan bu kvar som helst i regionen.

Arbeidsoppgåver

  • Om lag 50 % av stillinga vil vere ordinære rådgjevaroppgåver
  • Utvikle Ryfylke utdanningssenter IKS i tråd med mål og strategiar, og sikre gjennomføring av pågåande utviklingsprosjekt
  • Leggje til rette for å dekkje framtidas kompetansebehov i regionen og utvikle nye, relevante studietilbod
  • Sikre måloppnåing, resultatoppfølging og gjennomføring av prosjekt og utviklingsarbeid, samt delta i nasjonale nettverk
  • Delta i planlegging og gjennomføring av løpande utdanningstilbod
  • Etablere gode relasjonar og ha tett dialog med styret, eigarkommunane og privat næringsliv
  • Personalansvar for tilsette ved Ryfylke utdanningssenter IKS

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå strategisk utviklingsarbeid
  • Administrativ og økonomisk kompetanse
  • God kjennskap til næringslivet og utdanningssektoren
  • Gode munnlege og skriftlege framstillingsevner
  • Relevant universitets- eller høgskuleutdanning
  • Relevant erfaring frå utdanningssektoren, næringslivet eller offentleg sektor

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide strategisk og politisk på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå
  • Målorientert, kreativ og inkluderande
  • Gode evner til å byggje relasjonar
  • Stor interesse for nettverksbygging
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Me tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Høve til å vere med og starte opp og utvikle eit framtidsretta utdanningstilbod for Ryfylke

Vil du søkja på stillinga? Sjå full utlysing og søk via Finn.no

Søknadsfrist er 7. november.

Fleire nyheiter

Bubil Ryfylke

Vil me ha folk til Ryfylke, må me visa fram jobbane som finst her

Mange ledige stillingar i Ryfylke blir berre publiserte på Finn. Då blir dei ikkje automatisk synlege på Heim te Ryfylke. No oppmodar me arbeidsgivarane om å ta eit enkelt grep: Publiser stillinga på NAV Arbeidsplassen også.

Les meir

Då New Kaupang starta, mangla Rogaland areal – no er fleire etableringar i gong

Etter fleire år med arbeid for å leggje til rette for kraftkrevjande industri i Rogaland, blir New Kaupang no lagt ned. Når selskapet avsluttar arbeidet, er situasjonen ein heilt annan enn då dei starta.

Les meir

Ryfylkekonferansen 2026: Optimisme og modige satsingar

Ryfylkekonferansen 2026 nærmar seg! Bli med på to inspirerande dagar fylt med fagleg påfyll, nettverksbygging og gode samtalar om utvikling, næringsliv og framtida i Ryfylke. Sjå programmet og meld deg på via invitasjonen under.

Les meir