RyRekrutt 2026 – planlegginga er i gang

Etter stor suksess i 2025, er planlegginga av neste års RyRekrutt er allereie i gang.

Scenen på Ryrekrutt 2025
Foto: Ryfylke IKS

RyRekrutt blei første gong arrangert 15. april 2025 på Fiskepiren i Stavanger. Målet med arrangementet er å skapa ein sosial møteplass for ungdom mellom 18 og 30 år som ønskjer å knyta kontakt med arbeidslivet i Ryfylke – og samstundes få påfyll av både kultur og inspirasjon.

Arrangementet kombinerer jobb og nettverk med underhaldning og fellesskap, og har blitt til på initiativ frå Ungdomsstyret i Ryfylke.

2025 blei ein fulltreffar

Første utgåve av RyRekrutt samla 247 deltakarar og 36 arbeidsgivarar, og fekk svært gode tilbakemeldingar frå både deltakarar og utstillarar. Med snittscore på over 5 av 6 poeng i evalueringa, vart arrangementet omtalt som både profesjonelt, engasjerande og sosialt.

«Veldig bra laget til. Bra lokasjon og veldig kjekk opplevelse. God stemning og god mat. Vi gleder oss allerede til å være med til neste år :)», seier ein av ustillerane.

Høgdepunkt frå 2025

Arrangementet blei gjennomført i samarbeid mellom Ungdomsstyret, Ryfylke IKS og Næringsforeningen i Stavanger-regionen. Her er nokre av høgdepunkta:

  • Sosialt opplegg for utstillarane
  • Gratis hotellovernatting for dei første 200 påmelde
  • Konsertar med TØFL og ISAH
  • Fagleg program og quiz med pengepremiar
  • Mat frå Ryfylke og mingling mellom folk frå heile regionen
  • Utdeling av MOR-prisen

Ungdomsstyret planlegg RyRekrutt 2026

No har ungdomsstyret starta arbeidet med å planlegge RyRekrutt 2026, og målet er å vidareutvikle suksessen frå årets gjennomføring. På styremøte 4.august blei det drøfta idéar for konsept, innhald, stad og tidspunkt. Det er òg eit mål å styrka samarbeid med arbeidslivet og jobbe med forbetringar frå pilotåret. Ungdomsstyret jobbar no vidare med ein grovplan for 2026, og vil utover hausten dela fleire detaljar.

Vil du vera med neste år?

Er du arbeidsgivar og ønskjer å delta med stand eller som samarbeidspartnar? Eller er du ungdom med gode idéar eller lyst til å bidra? Me vil gjerne høyre frå deg.

Ta kontakt med:

Nina Fjellskaalnes og Andrea Hebnes Tobekk: ryrekrutt@ryfylkeiks.no

Fleire nyheiter

Har de vurdert trainee? No er tida inne for å ta ein prat!

Har verksemda di behov for ny kompetanse og friske perspektiv? Gjennom Trainee Ryfylke kan de tilsetja ein nyutdanna som bidreg i verksemda, og samtidig tilby eit regionalt utviklingsprogram med fagleg påfyll og nettverk. Det er framleis mogleg å bli med, og de treng ikkje ha alle svara klare før de…

Les meir
Portrettbilde

– Ryfylke IKS må våga å ta større plass

Ryfylke IKS må utfordra etablerte tankesett og ta ei tydelegare rolle i utviklinga av regionen. Det meiner dagleg leiar Ingrid Roth, som har store ambisjonar for framtida til Ryfylke.

Les meir
Deltakarar KI+MI

KI-verktøya er her. Har verksemda ein plan?

Nesodden kommune kartla nær 90 arbeidsprosessar før dei valde kvar dei skulle satsa. Kva bør di verksemd prioritera? Eit nytt leiarprogram i Ryfylke skal hjelpa leiarar og nøkkelpersonar med å setja retning for KI-arbeidet og byggja sitt eige vegkart.

Les meir