Sjukepleie til Ryfylke

Hausten 2026 startar den andre klassen for desentralisert sjukepleiarutdanning med studiestad Ryfylke. 

Studiet blir på fulltid og UiS vil leggje vekt på å gjera utdanninga praktisk retta. Det krev normalt generell studiekompetanse, men du kan og kome inn med fagbrev (relevant realkompetanse) innan helsefag. Normalt er det at du er over 25 år har fagbrev innan helsefag og har matte og norsk på stuieførebuande nivå.

Sauda og Strand vidaregåande skular tilbyr opplæring i norsk og matte om du ikkje har studiekompetanse komande vinter. Fag du må ha for skal du søkje plass.

Treng du norsk eller matte på vidaregåande nivå? Les her

Studentane som har fullført studie i år har hatt ein eigen koordinator, Agnes Nese (bildet) som rettleiar og hjelper til med mellom praksisundervising under studie.  

Undervisninga skjer over tre år i regi av UiS og er eit samarbeid med kommunane i Ryfylke og utdanningssenteret i Ryfylke.  Du kan lese meir om tilbodet på UiS sine nettsider.

Meir informasjon kan du få hjå Einar Schibevaag,  einar@ryfylkeiks.no eller ringe 91308972

Fleire nyheiter

Janet Jørmeland. Foto.

Janet Jørmeland er ny prosjektleiar for Heim te Ryfylke

Ryfylke IKS har tilsett Janet Jørmeland som ny prosjektleiar for satsinga Heim te Ryfylke. Ho kjem frå Hjelmeland, har bakgrunn frå internasjonal marknadsføring – og brenn for å styrkje stoltheit og tilknytinga til regionen

Les meir
Deltakerer på båten under Ryfylkekonferansen 2025.

Ryfylkekonferansen 2025 samla heile regionen

22. og 23. oktober møttest næringsliv, kommunar, organisasjonar og engasjerte ryfylkingar til Ryfylkekonferansen 2025.

Les meir
Foto: fjord og fjell i høstdrakt i Ryfylke

Ryfylke utdanningssenter søkjer dagleg leiar

Ryfylke utdanningssenter IKS søkjer ein engasjert og utviklingsorientert dagleg leiar som vil vere med å byggje opp og vidareutvikle senteret som ein viktig aktør for kompetanseutvikling i Ryfylke-regionen.

Les meir