To konferansar blir éin – velkomen til Ryfylkekonferansen 2025

Onsdag 22. oktober og torsdag 23. oktober samlar me Ryfylke til ei felles konferanseoppleving: Ryfylkekonferansen – Arena MOR.

Foto: Lysefjorden

For første gang slår Arena Ryfylke og MOR-konferansen seg saman, og inviterer til to dagar med fagleg påfyll, opplevingar og gode samtalar midt i Ryfylkenaturen. Du kan vera med på éin eller begge dagar.

Programmet tek for seg korleis me kan utvikle Ryfylke på ein berekraftig måte. Desse tema står på agendaen:

  • Lokalsamfunn og reiseliv
  • Havbruk, energi og naturressursar
  • Kompetanse og utdanning

Ryfylkekonferansen skjer på Lysefjordsenteret og om bord på Rygerelektra – med fjordhopping, spennande innlegg og smakar får Ryfylke.

Konferansen passar for alle som er opptatt av og nysgjerrige på næringsutvikling, bulyst og utvikling av Ryfylke. Programmet er tilpassa offentleg transport frå sør til nord.

Program for Ryfylkekonferansen – Arena MOR 2025 (opnast i ny fane)

Bestill billett til Ryfylkekonferansen – Arena MOR 2025 (opnast i ny fane)

Arrangørar er Ryfylkealliansen, Ryfylke IKS og Næringsforeningen i Stavanger-regionen.

Fleire nyheiter

Har de vurdert trainee? No er tida inne for å ta ein prat!

Har verksemda di behov for ny kompetanse og friske perspektiv? Gjennom Trainee Ryfylke kan de tilsetja ein nyutdanna som bidreg i verksemda, og samtidig tilby eit regionalt utviklingsprogram med fagleg påfyll og nettverk. Det er framleis mogleg å bli med, og de treng ikkje ha alle svara klare før de…

Les meir
Portrettbilde

– Ryfylke IKS må våga å ta større plass

Ryfylke IKS må utfordra etablerte tankesett og ta ei tydelegare rolle i utviklinga av regionen. Det meiner dagleg leiar Ingrid Roth, som har store ambisjonar for framtida til Ryfylke.

Les meir
Deltakarar KI+MI

KI-verktøya er her. Har verksemda ein plan?

Nesodden kommune kartla nær 90 arbeidsprosessar før dei valde kvar dei skulle satsa. Kva bør di verksemd prioritera? Eit nytt leiarprogram i Ryfylke skal hjelpa leiarar og nøkkelpersonar med å setja retning for KI-arbeidet og byggja sitt eige vegkart.

Les meir