Utdanning
Utdanningstilbod i Ryfylke

Utdanningstilbod
Ryfylke treng kompetanse, og me jobbar for at fleire skal få moglegheit til å ta utdanning nær der dei bur. Desentraliserte og samlingsbaserte studium gjer det enklare å kombinera utdanning med jobb og familieliv, og er eit viktig verkemiddel for regional utvikling.
Ryfylke IKS har vore ein pådrivar for å kartleggja kompetansebehov i regionen og leggja til rette for at relevante utdanningstilbod kjem på plass i samarbeid med kommunar, næringsliv og utdanningsinstitusjonar.
I dag er det Ryfylke utdanningssenter IKS som har ansvar for å utvikla, koordinera og drifta utdanningstilboda i Ryfylke, og for å halda oversikt over kva studium som til ei kvar tid er tilgjengelege.
Oversikt over utdanningar
Ryfylke utdanningssenter samlar og publiserer ei oppdatert oversikt over alle pågåande og komande utdanningar i regionen. Her finn du informasjon om innhald, studiepoeng, opptak og organisering av studia.
Sjå full oversikt over utdanningstilbod i Ryfylke på
ryfylkeutdanningssenter.no
Evaluering av utdanningar i Ryfylke
Kontakt
Har du spørsmål om utdanningstilbod eller ønskjer dialog om framtidige kompetansebehov i Ryfylke, ta kontakt med Ryfylke utdanningssenter IKS.
post@ryfylkeutdanningssenter.no
Telefon: 952 90 635
Kva me jobbar med
Me er ein aktiv aktør i arbeidet med å oppnå gjennomslag for felles regionale satsingar, og for å utvikla gode og framtidsretta lokalsamfunn.
Næringsarbeid
Ryfylke IKS skal styrke grunnlaget for vekst og utvikling ved å sikre betre tilgang på næringsareal, straum og infrastruktur.
Mobilitet
Ryfylke IKS skal vere ein pådrivar for framtidsretta løysingar som gjer det enklare, tryggare og meir effektivt å reise både internt i regionen og ut mot større marknader.
Rekruttering
Ryfylke IKS skal jobbe for betre tilgang på kompetanse og arbeidskraft i sentrale bransjar og skape attraktive rammer som gjer at fleire unge og familiar vel å bu i Ryfylke.