Vil du leie satsinga Heim te Ryfylke?

Me søkjer ein engasjert prosjektleiar til satsinga Heim te Ryfylke. Dette er eit prosjekt som skal styrke rekruttering, tilflytting og attraktivitet i regionen.

Foto: Tre ansatte frå Ryfylke IKS står saman og smiler til kamera. Biletet er frå Ryrekrutt 2025.

Om prosjektet

Heim te Ryfylke er ein av hovudsatsingane for rekruttering i Ryfylke. Det er ein digital portal som skal samle kommunar, næringsliv og frivillige krefter for å vise fram regionen som ein stad å bu, arbeide og leve. Prosjektet er ein del av Ryfylke IKS sin strategi for 2025–2030, der rekruttering og mobilitet er nøkkelen til framtidig vekst.

Arbeidsoppgåver

Som prosjektleiar vil du få ansvar for å:

  • planleggje, koordinere og drive prosjektet framover
  • utvikle og gjennomføre tiltak for rekruttering og tilflytting
  • søkje om midlar og sikre finansiering av prosjektet
  • jobbe tett saman med dei andre ungdomsprosjekta i Ryfylke IKS
  • byggje nettverk og samarbeid mellom kommunar, næringsliv og frivillige
  • følgje opp økonomi, rapportering og framdrift
  • skape engasjement og synleggjere prosjektet i ulike kanalar

Kven er du?

Me ser etter ein person som:

  • har erfaring med prosjektarbeid eller utviklingsarbeid
  • har god digital forståing
  • kan skape gode samarbeid og engasjere andre
  • har evne til å formidle og kommunisere klart
  • er sjølvstendig, initiativrik og målretta
  • gjerne har kjennskap til Ryfylke og regionutvikling

Me tilbyr:

  • ei spennande treårig prosjektstilling med moglegheit for fast jobb
  • varierte oppgåver og stor grad av fridom
  • gode heimekontorløysingar kombinert med flotte kontor på Hjelmeland
  • stor fleksibilitet i arbeidstid og i korleis oppgåvene blir løyste
  • gode lønsbetingelsar
  • moglegheita til å setje spor i utviklinga av ein heil region
  • eit sterkt fagleg nettverk i Ryfylke og utover

Praktisk

  • Arbeidsstad: Sande Næringsbygg på Hjelmeland
  • Søknadsfrist: 18.september
  • Kontaktpersonar: Ingrid og Andrea

Vil du søkja på stillinga? Sjå full utlysing og søk via Finn.no

Fleire nyheiter

Har de vurdert trainee? No er tida inne for å ta ein prat!

Har verksemda di behov for ny kompetanse og friske perspektiv? Gjennom Trainee Ryfylke kan de tilsetja ein nyutdanna som bidreg i verksemda, og samtidig tilby eit regionalt utviklingsprogram med fagleg påfyll og nettverk. Det er framleis mogleg å bli med, og de treng ikkje ha alle svara klare før de…

Les meir
Portrettbilde

– Ryfylke IKS må våga å ta større plass

Ryfylke IKS må utfordra etablerte tankesett og ta ei tydelegare rolle i utviklinga av regionen. Det meiner dagleg leiar Ingrid Roth, som har store ambisjonar for framtida til Ryfylke.

Les meir
Deltakarar KI+MI

KI-verktøya er her. Har verksemda ein plan?

Nesodden kommune kartla nær 90 arbeidsprosessar før dei valde kvar dei skulle satsa. Kva bør di verksemd prioritera? Eit nytt leiarprogram i Ryfylke skal hjelpa leiarar og nøkkelpersonar med å setja retning for KI-arbeidet og byggja sitt eige vegkart.

Les meir