Ein attraktiv region der folk vil bu og arbeide

Samarbeid for vekst i Ryfylke

Gratis busskort for ungdom 2024-2025
Frå 1. september 2024 kan ungdom mellom 15 og 22 år som bur i Ryfylke-kommunane Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand og Forsanddelen av Sandnes reise gratis med kollektivtransport.
Du kjøper sjølv U23-billetten og søkjer om tilbakebetaling i etterkant gjennom eit elektronisk skjema.
Nyheiter frå Ryfylke IKS

KI-arrangement i Ryfylke – 27. august 2026
Korleis kan verksemder i Ryfylke kombinera kunstig intelligens med menneskelege ferdigheiter? 27. august inviterer Ryfylke IKS til ein inspirerande halvdag på Hjelmeland. Målet med arrangementet er å gjera KI meir forståeleg og relevant for verksemdene i regionen. Deltakarane skal få nye perspektiv og konkrete idear dei kan ta med seg…

Nær 300 ungdommar registrerte seg då Heim te Ryfylke vart lansert
Lanseringa av Heim te Ryfylke har fått ein sterk start. Etter besøk ved Strand vidaregåande skule og Sauda vidaregåande skule har nær 300 ungdommar registrert seg på plattforma.

New Kaupang og arbeidet med framtidas næringsareal
New Kaupang vart etablert i 2016, med utgangspunkt i arbeidet knytt til straumkabelen frå Kvildal til England. Då det hausten 2015 vart klart at fiber ikkje ville bli lagt saman med straumkabelen, tok Ryfylke IKS initiativ til å sjå på alternative løysingar. Dette blei starten på eit større arbeid med…
Kva me jobbar med
Ryfylke IKS er ein aktiv aktør i arbeidet med å oppnå gjennomslag for felles regionale satsingar, og for å utvikla gode og framtidsretta lokalsamfunn.
Næringsarbeid
Ryfylke IKS skal styrke grunnlaget for vekst og utvikling ved å sikre betre tilgang på næringsareal, straum og infrastruktur.
Mobilitet
Ryfylke IKS skal vere ein pådrivar for framtidsretta løysingar som gjer det enklare, tryggare og meir effektivt å reise både internt i regionen og ut mot større marknader.
Rekruttering
Ryfylke IKS skal jobbe for betre tilgang på kompetanse og arbeidskraft i sentrale bransjar og skape attraktive rammer som gjer at fleire unge og familiar vel å bu i Ryfylke.
Berekraft
Bidrag til å nå FNs berekraftsmål
Ryfylke IKS skal bidra til eit meir berekraftig samfunn i samsvar med FNs berekraftsmål.
FNs berekraftsmål er den felles arbeidsplanen i verda for å oppnå ei meir berekraftig framtid. Strategien vår støtter opp under fleire berekraftsmål og dei prioriterte måla for verksemda vår er:
Mål 8 – Anstendig arbeid og økonomisk vekst: Framme varig, inkluderande og berekraftig økonomisk vekst, full sysselsetjing og anstendig arbeid for alle.
Mål 9 – Industri, innovasjon og infrastruktur: Bygge solid infrastruktur og fremme inkluderande og berekraftig industrialisering og innovasjon.