Evaluering av sjukepleieutdanning i Ryfylke

Ein fersk evalueringsrapport viser at den fleksible og distriktsvennlege bachelorutdanninga i sjukepleie har hatt stor verdi for Ryfylke. Tilbodet har gjort høgare utdanning tilgjengeleg for nye grupper, og mange av studentane seier at dei ikkje kunne tatt utdanning utan denne modellen.

Forside til evalueringsrapporten «Fleksibel og distriktsvennleg bachelor i sjukepleie i Ryfylke», med fargerik prikk-illustrasjon.

Høge ambisjonar og gode erfaringar

Rapporten er utarbeidd av Espen Geelmuyden Rød (Ryfylke Samfunnsanalyse) og Sabine Otto-Rød (Ryfylke Prana). Den viser at studentane er gjennomgåande svært nøgde og trekkjer fram kombinasjonen av studiar, jobb og familie som avgjerande.

Praksisperiodane, særleg ved sjukehus, blir vurderte som fagleg sterke, og både studentar og praksisfeltet meiner kvaliteten er like god som på campus.

Ulik lokal tilrettelegging

Evalueringa peikar samstundes på utfordringar. Tilrettelegging frå kommunane varierer mykje – frå økonomisk støtte og permisjonsordningar til tilgang på praksisplassar. Dette påverkar gjennomføringa for studentane.

Viktige læringspunkt

Rapporten anbefaler mellom anna:

  • å innføre felles minimumsstandardar for kommunal støtte og praksis
  • å styrkje fagleg og sosial oppfølging av studentane
  • å satse på vidare- og etterutdanning lokalt for å behalde kompetansen

Betydning for regionen

Desentralisert utdanning blir løfta fram som eit effektivt verkemiddel for å sikre lokal rekruttering og byggje yrkesstoltheit i distrikta. Modellen frå Ryfylke kan dermed bli eit førebilete for andre regionar som vil satse på kompetanse nær folk.

Les heile rapporten her [lenkje til PDF].

Fleire nyheiter

Bli med på Ryfylkekonferansen!

Ryfylkekonferansen 2026 nærmar seg! Bli med på to inspirerande dagar fylt med fagleg påfyll, nettverksbygging og gode samtalar om utvikling, næringsliv og framtida i Ryfylke. Sjå programmet og meld deg på via invitasjonen under.

Les meir
Ungdomsstyret i Ryfylke

Ungdomsstyret i Ryfylke gir stafettpinnen vidare

Etter to år med engasjement, samarbeid og viktige initiativ for ungdom i regionen, takkar me no av ungdomsstyret i Ryfylke for perioden 2024–2026. Styret har vore ei viktig stemme for ungdom i Ryfylke og har bidrege til å setja ungdom sine behov og perspektiv på dagsorden.

Les meir

Nær 300 ungdommar registrerte seg då Heim te Ryfylke vart lansert

Lanseringa av Heim te Ryfylke har fått ein sterk start. Etter besøk ved Strand vidaregåande skule og Sauda vidaregåande skule har nær 300 ungdommar registrert seg på plattforma.

Les meir