Kompetanse
Kompetanse i Ryfylke

Kompetansepilot Ryfylke 2021-2023
Kompetansepilot Ryfylke var eit tre-årig prosjekt i regi av Kommunal og distriktsdepartementet. Målet med ordninga var å identifisera kva slags kompetanse arbeidslivet har behov for og leggja til rette for etter- og vidareutdanning i tråd med behova til næringa.
Funn og erfaringar frå arbeidet med Kompetansepilot Ryfylke er presentert i ein rapport på fem kapittel.
Utdanningstilbod
Det er etablert og starta opp fleire desentraliserte utdanningstilbod i Ryfylke som kan kombinerast med jobb og familie. Utdanningane er utarbeida i samarbeid med fagskular, høgskular, universitet, videregåande skular og regionalt arbeidsliv.
Kontaktinformasjon
Einar Schibevaag
einar@ryfylkeiks.no
913 08 972
Kva me jobbar med
Me er ein aktiv aktør i arbeidet med å oppnå gjennomslag for felles regionale satsingar, og for å utvikla gode og framtidsretta lokalsamfunn.
Næringsarbeid
Ryfylke IKS skal styrke grunnlaget for vekst og utvikling ved å sikre betre tilgang på næringsareal, straum og infrastruktur.
Mobilitet
Ryfylke IKS skal vere ein pådrivar for framtidsretta løysingar som gjer det enklare, tryggare og meir effektivt å reise både internt i regionen og ut mot større marknader.
Rekruttering
Ryfylke IKS skal jobbe for betre tilgang på kompetanse og arbeidskraft i sentrale bransjar og skape attraktive rammer som gjer at fleire unge og familiar vel å bu i Ryfylke.